Hopp til innhold

Held fast på fjorddeponi

Nordic Mining meiner Kurt Oddekalv driv med skremselspropaganda.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

Illustrasjonen syner kor stort fjordeponiet vil vere etter 45-50 år med gruvedrift.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

På eit folkemøte i Førde tysdag kveld teikna Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet eit dystert bilete av kva som vil skje med Førdefjorden dersom Nordic Mining får dumpe mange millionar tonn med steinmassar der.

Steinbrotet i Engebøfjellet
Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Selskapet ynskjer å etablere gruvedrift i Engebøfjellet for å vinne ut mineralet rutil.

Gode vilkår i Naustdal

Administrerande direktør i Nordic Mining Ivar S. Fossum hevdar Oddekalv driv med skremselspropagande. Han held fast på at eit fjorddeponi vil vere den beste løysinga.

Fossum viser til at Førdefjorden er svært djup, har bratte sider og ein tilnærma flat fjordbotn.

- Det er faktisk få område i verda som har så gode naturgjevne rammevilkår for eit djupvassdeponi som nettopp denne delen av Førdefjorden, skriv Fossum i eit lesarbrev.

Avviser samanlikning

Nordic Mining planlegg å ta ut 250 millionar tonn malm i løpet av ein 50-årsperiode. Av dette skal kun fire prosent nyttast, mesteparten av massen skal knusast og deponerast på botn av Førdefjorden.

Kurt Oddekalv
Foto: Steinar Lote / NRK

Oddekalv samanlikna gruvedrifta i Naustdal med deponiet i Sør-Varanger i Finnmark. Under folkemøtet viste han bilete som syner at fjorden nærast er fylt igjen av steinmasssar.

- Her blandar Oddekalv eit grunt og smalt fjorddeponi med eit djupvassdeponi som er seks gonger så djupt som Langfjorden, skriv Fossum.