Hopp til innhold

– Kan øydeleggje ein heil fjord

Jan Helge Fosså frå Havforskingsinstituttet brukte sterke ord då han i kveld på det sterkaste åtvara mot gruvedrift i Vevring.

Gruvemøte i Naustdal

IMOT PLANANE: Fleire føredragshaldarar la fram det dei meiner blir konsekvensane av gruvedrift med sjødeponi i Vevring, under folkemøtet i Naustdal.

Foto: Rune Fossum (mms) / NRK

Jan Helge Fosså

FORSKAR: Jan Helge Fosså frå Havforskingsinstituttet har vore engasjert i gruvesaka heilt sidan Nordic Mining ASA sine planar vart gjort kjende.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette prosjektet er hinsides all berekraft. Det er nærmast å øydeleggje ein heil fjord, sa Fosså som er forskar og marinbiolog.

Han var blant føredragshaldarane då Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom arrangerte folkemøte i Naustdal torsdag kveld.

Milliardplanar

Fosså har på vegne av Havforskingsinstituttet engasjert seg sterkt i kampen mot Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet ved Vevring.

Det børsnoterte selskapet ønskjer å investere 1,5 milliardar kroner i utvinning av mineralet rutil, som mellom anna vert nytta som kvitningsstoff i maling og tannkrem. Det som gjer planane så omstidde er at selskapet vil kvitte seg med overskotsmassen frå gruva i eit gigantisk fjorddeponi.

Gyteområde for torsk

Dei 150-200 frammøtte fekk høyre Fosså åtvare på det sterkaste mot gruvedrift, som vil føre til at overskotsmasse vert pumpa ned på fjordbotnen utanfor Vevring.

Fosså presenterte nye data som viser at botnvatnet i fjorden blir løfta heilt opp til overflata av vasstraumar frå Atlanterhavet.

– Frykta er at det ein pumpar ned, kjem opp att i dei øvste vasslaga, sa Fosså som viste til at Førdefjorden er eit viktig gyteområde for den truga kysttorsken.

Strid om tal

Anne Line Thingnes Førsund, som har vore frontfigur i kampen mot gruveplanane, innleia folkemøtet med å opplyse om at Nordic Mining i sine presentasjonar opererer med 35 millionar tonn tilgjengeleg rutil i området.

Artikkelen held fram under biletet.

Folkemøte om gruvedrift

MANGE MOTSTANDARAR: Miljøgruppa som kjempar imot gruvedrift stilte mannsterke torsdag kveld. Men få ungdommar møtte i idrettshallen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Då tek dei med førekomstane som ligg i områda nærmare Naustdal sentrum òg, meinte Thingnes Førsund - som presiserte at førekomstane i Engebøfjellet åleine er på 16 millionar tonn.

Det fekk adm. dir. Ivar S. Fossum i Nordic Mining til å gripe ordet. Han var i utgangspunktet ikkje invitert til folkemøtet, men møtte like vel opp for å tale utbyggjaren si sak.

Fossum avviste at Nordic Mining har utvinningsplanar for Steinkrossen.

Ivar S. Fossum

FORSVARTE PLANANE: Adm. dir. Ivar S. Fossum i Nordic Mining.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fossum fekk også støtte av geolog Einar Alsaker, som også avviste at førekomstane i Naustdal sentrum ved Naustdalsfossen er drivverdige.

- Her er det for låg konsentrasjon av rutil i bergmassen til at gruvedrift kan vere aktuelt, sa han.

– Snakkar usant

Det var likevel langt mellom gruvetilhengjarane i gymsalen i Naustdal. Blant dei mest kritiske var tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim.

– Her blir alvoret neglisjert. Nordic Mining snakkar usant. Eg trur ikkje dei bevisst fører folk bak lyset, men dei snakkar usant mot betre vitande, sa Solheim.

Han sit i ei gruppe som har jobba for med gruvespørsmålet for Naturvernforbundet.

– Hovudregelen etter slike store naturinngrep er at dei har konsekvensar som er større og annleis enn det nokon på førehand hadde trudd. Naturen er for kompleks, åtvara Erik Solheim.

Naustdal kommune har som mål å vedta ny reguleringsplan - og dermed ta stilling til gruvedrift - før sommaren.