"Gruvelagring" får 1,8 mill. kroner

Verksemda Local Host AS i Måløy får 1,8 millionar kroner til forprosjekt for å greie ut moglegheitene til å nytte Lefdalgruvene som grønt datasenter.

North Cape Minerals

Her vil Local Host AS i Måløy opprette grønt datasenter.

Foto: MMS-foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dagleg leiar i Local Host, Sindre Kvalheim, har kjent til løyvinga frå Innovasjon Norge i kring tre veker.

Verksemda har kompetanse innan datalagring og miljøvenleg kjøling med sjøvatn.

- Det betyr at vi no har fullfinansiert forprosjektet. Denne støtta har trigga interesse frå både nasjonale og internasjonale aktørar. I tillegg til betydeleg tyngde frå fylket, seier han.

Internasjonal interesse

Verksemda har allereie starta med forprosjektet, og har fått på plass heile leiarstrukturen. Prosjektet er venta å vere ferdig i mai/juni neste år og er kostnadsrekna til mellom 4,5 og fem millionar kroner.

- Med dei folka vi har no, så er eg trygg på at dette er eit prosjekt som vil ha nasjonal interesse, seier Kvalheim. Kva medspelarar den ambisiøse verksemda har fått med seg, ynskjer ikkje Kvalheim å røpe på noverande tidspunkt.

Vurderer Lefdalgruvene

Verksemda ynskjer å utnytte eit aukande behov for datalagringsplass for IT-bransjen. Dei meiner at Lefdalgruvene er godt eigna, mellom anna med god tilgang til kjøling.

Gruvene har 75 hallar er sprengt ut over sju nivå. Kvar av dei har ei takhøgde på 18 meter, breidde på 15 meter og lengde på mellom 100 og 400 meter. Med andre ord er det tale om god plass til eit eventuelt grønt datasenter.

Forprosjektet skal undersøke om det er mogleg å kombinere etablering og drift av eit datasenter i kombinasjon med framleis gruvedrift.