Hopp til innhold

«Katastrofalt» mange oppdrettsfiskar døyr, men desse får ros for god fiskehelse

Selskapa Lingalaks og Alsaker Fjordbruk held til i området der flest oppdrettslaks døyr i anlegga før slakting. Korleis har dei då klart å halda rekordlåg dødelegheit?

Kari Lillesund, (bak) er fiskehelsesjef i Alsaker Fjordbruk AS. Her på anlegget i Stokkavika.

BEST MOT FISKEDØD: Fiskehelsesjef Kari Lillesund i Alsaker Fjordbruk AS er glad for låg dødelegheit i merdane deira, og gir gjerne konkurrentane gode råd.

Foto: Alsaker Fiskebruk

– Det som går igjen hos oppdrettarane som driftar godt, er stort fokus på biosikkerheit og gode avlusingsstrategiar. Det gir låg dødelegheit, god helse og god velferd, seier spesialveterinær Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua Kompetanse, som også er styremedlem i Veterinærforeininga.

17 prosent av all oppdrettsfisk i Noreg – altså kvar sjette fisk – døyr før slakting.

Det viser den årlege fiskehelserapporten som det statlege Veterinærinstituttet la fram førre veke.

Verst er det på Vestlandet: I området frå Karmøy til Sotra døyr heile 25 prosent av fisken – altså kvar fjerde fisk.

Dette området er i tillegg «raud sone», fordi det er så mykje lakselus i fjordane at staten har pålagd oppdrettsanlegga å redusera produksjonen.

Men to oppdrettsselskap i akkurat dette området har klart å gå mot den negative straumen.

Les også Ny rapport: Oppdrettslaksen dør av infeksjoner og skader

Her ute ved merdene ved Rinøya i Lødingen der død laks ligger med buken opp flytende i vannet.

– Lær av dei gode

Lingalaks AS i Norheimsund har dei siste sju åra hatt fiskedødelegheit under landsgjennomsnittet, og var i 2022 nede i seks prosent.

Også Alsaker Fjordbruk AS på Tysnes har halde seg stabilt under snittet for all fiskeoppdrett i landet.

No får dei ros frå veterinærmiljøet, som ber alle oppdrettsselskap læra av dei som klarer å driva med god fiskehelse.

Er ikkje fokus på biosikkerheit og gode avlusingsstrategiar opplagde ting for alle oppdrettsselskap?

– Jo, men det er ulike strategiar ute og går. Enkelte lukkast, mens andre kanskje ikkje heilt gjer det, seier spesialveterinær Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua kompetanse og Veterinærforeninga.

– Er det snakk om flaks?

– Eg trur ikkje det går an å drifta godt berre basert på flaks. Men ein kan ha uflaks trass i god drift og førebygging, seier Bjerke.

Til og med dyrevernarar rosar mange oppdrettarar:

– Nokre produsentar drar den gjennomsnittlege dødelegheita dramatisk opp, men dei aller fleste klarer å halda dødelegheita relativt låg. Då treng me å læra av dei, seier senior fagrådsgjevar Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Susanna Lybæk, senior fagrådgiver, Dyrevernalliansen

– Lær av dei gode, seier Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Foto: Magnus Thorén / NRK

– Bør ned i fem prosent dødelegheit

Begge er kritiske til at fiskeoppdrettarane i området deira har skyhøg dødelegheit.

– Det er ikkje så kjekke tal å sjå, seier fiskehelsesjef Kari Lillesund i Alsaker Fjordbruk.

– Dei totale tala for bransjen har gått feil veg. Det er uheldig, og ikkje bra for bransjen totalt sett, seier dagleg leiar Nina Møgster i Lingalaks.

– Kva er akseptabel dødelegheit?

– På landsbasis må me ligga under 10 prosent, og kanskje ned mot fem prosent i det lange bildet, seier Møgster.

Lillesund seier det ikkje er så lett å svara på kva Alsaker gjer som er rett.

Det å ha god fiskevelferd, gir òg god økonomi. Det er grunntanken vår som me har fokus på kvar dag.

Kari Lillesund fiskehelsesjef i Alsaker Fjordbruk

– Å unngå avlusingar, ikkje få sjukdom og ikkje spreia sjukdom. Og at me er gode til å snu oss rundt når det trengst.

Kari Lillesund

Alsaker Fjordbruk har lite fiskedød, men fiskehelsesjef Kari Lillesund blir «aldri fornøgd».

Måler fiskehelsa kvar veke

Møgster seier det er vanskeleg å svara på kvifor andre selskap lukkast dårlegare.

– Me jobbar veldig målretta med førebyggande fiskehelsearbeid. Me overvakar velferda i merden og gir velferdssituasjonen score kvar veke. Det brukar me til å gjera gode vurderingar og tiltak. Derfor trur eg me fangar opp ting ganske tidleg, før me eventuelt får auka dødelegheit på fisken.

Og så rosar ho staben sin, som ho seier verkeleg bryr seg om fisken og at han skal ha det bra.

– Me er òg opptatt av at fisken skal ha ein god diett: eit fôr som dekker behovet til fisken gjennom alle ulike livsfasar.

Nina Møgster, dagleg leiar i Lingalaks

– Lingalaks gir velferdssituasjonen score kvar veke for å fanga opp utfordringar tidleg, seier dagleg leiar Nina Møgster.

Foto: Lingalaks AS

På spørsmål om Alsaker og Lingalaks har hatt flaks og mange andre uflaks, svarer Møgster:

Det er vel noko som heiter at det er ikkje alltid tilfeldig viss ein har flaks. Kanskje heller ikkje tilfeldig viss ein alltid har uflaks.

Nina Møgster dagleg leiar i Lingalaks

– Opplever du at andre selskap kan eller vil læra noko av dykk?

– Ja, andre selskap er nysgjerrige på kva me gjer. I området vårt er det veldig godt samarbeid. Me delar veldig mange erfaringar.

– Det er viktig at flest mogleg rundt oss lukkast. For vår eigen del, men òg for bransjen og omdømmet vårt.

– Me blir aldri fornøgd

Møgster understrekar at også Lingalaks har hatt uheldige hendingar og utfordringar.

– Det må me læra av og heile tida gjera ting betre enn tidlegare.

Lillesund stemmer i:

– Me blir aldri fornøgde heller ikkje me er i mål så lenge me har dødelegheit som me på ein måte kan klara unngå.

Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua Kompetanse

Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua Kompetanse meiner styremaktene må krevja god fiskehelse før oppdrettarane får auka produksjonen.

Foto: Aqua Kompetanse

– Ikkje tillat vekst viss mange døyr

Bjerke i Aqua Kompetanse og i Veterinærforeninga er kritisk til at god fiskehelse ikkje er eit kriterium i det såkalla «trafikklyssystemet» for fiskeoppdrett.

– Produksjonsvekst og høg dødelegheit heng verkeleg ikkje saman, meiner ho.

Det kan ikkje vera slik at du får ha endå fleire individ i di varetekt når drifta di tar livet av mange.

Hanna Sæteraas Bjerke Spesialveterinær i Aqua Kompetanse

– Dette er i dag berre basert på miljøparameter som lusemengde, og dekker ikkje fiskehelse i det heile. Det har ingenting å seia om du har høge dødelegheitstal eller dårleg helse i anlegget ditt.

– Kvifor ikkje?

– Det må du spørja politikarane våre om.