Hopp til innhold

– Vi byggjer eit deponi i pakt med naturen

FJORDANE TINGRETT (NRK): Direktøren i Nordic Mining Ivar Fossum har i dag vitna mot gruveaksjonistane i Fjordane tingrett. Han synte lite forståing for det han meiner er ulovlege aksjonar.

Ivar Fossum i rettsalen

KRITISK: Ivar Fossum er kritisk til at aksjonistar ifrå Natur og ungdom demonstrerte mot Noridc Mining sitt gruveprosjekt på Engebøfjellet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Heile denne prosessen har vore veldig open og transparent, og det har vore lett å kome til ordet for alle. Å gå til ulovlege aksjonar verkar for meg då underleg, sa Ivar Fossum i retten i dag.

Ti aksjonistar stod på tiltalebenken, skulda for å ha stogga arbeidet til Nordic Mining på Engebøfjellet, og for ikkje å ha flytta seg då politiet bad dei om det.

Fossum og Nordic Mining hevda i retten at dei har tapt nesten 800 000 kroner på aksjonane, men at dei ikkje hadde planar om å fremje noko ertstaningskrav.

– Det viktigaste for oss er at ingen kom til skade under aksjonane. Det kunne fort ha skjedd. Det var tunge maskiner involvert, og folk måtte fraktast ned frå fjellet i dårleg ver.

– Eit trygt prosjekt

Fossum prata mykje om at engebøprosjektet er eit trygt prosjekt, og at han hadde eit klårt inntrykk av at mange av aksjonistane kanskje ikkje hadde sett seg godt nok inn i det.

Aksjonerer på Engebøfjellet

PROTESTAR: Politiet skreiv ut førelegg for over ein million kroner etter aksjonane på Engebøfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det verka på meg som ein prinsipiell motstand. Når eg prata med aksjonistar oppe på fjellet synte det seg at dei ikkje visste så mykje om det utsleppsløyvet som vi har fått, eller den prosessen vi var i, sa Fossum.

Forsvararen til aksjonistane, Randi Spydevold, var på si side veldig kritisk til mykje av det Fossum sa i sitt vitnemål.

– Du seier at sjødeponiet er ei trygg løysing, men det står jo i miljødirektoratet sin rapport at det til dømes kan gå utover gyteområdet til den raudlista arten blålange, sa Spydevold.

– Eit deponi i pakt med naturen

Til dette svarte Fossum at det viktige ordet her var kan, og at han var trygg på at fjorddeponiet er ei trygg løysing.

– Vi har også stilt mange kritiske spørsmål knytt til miljø og forureining, men det har vore så mange rundar på dette no at vi kjenner oss trygge på at prosjektet er trygt både for dyr, natur og menneske, sa han.