Hopp til innhold

Droppar søksmål mot gruveaksjonistar

Gruveselskapet meiner kostnaden ved søksmål blir for stor til å gjennomføre det. Eit søksmål ville uansett ikkje skremt vekk aksjonistane, seier Gjertrud Øvretveit.

Paroler på Engebøfjellet

GIR SEG IKKJE: I tre veker heldt aksjonistar det gåande for å protestere mot gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. Dei held fram om prosjektet blir gjennomført, søksmål eller ikkje, varslar dei.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nordic Mining har bestemt seg for å ikkje gå til sak mot dei totalt 86 aksjonistane som frå før er bøtelagde for sivil ulydnad. Dett blei kjent gjennom ei børsmelding i føremiddag.

I tre veker i februar lenka aksjonistar seg fast på Engebøfjellet i Vevring for å hindre prøveboringa. Nordic Mining har tidlegare fortalt at aksjonane har ført til store tap grunna forseinkingane, og bestemte seg etter kvart for å gå til sak mot aksjonistane. No droppar dei dette.

– Det er rett og slett ei vurdering av kostnadene som er knytt til å gjennomføre det, i høve til storleiken på tapa og forseinkingane det totalt sett har påført oss, seier administrerande direktør Ivar Fossum.

Aksjonist: – Heilt på sin plass

Gjertrud Øvretveit

GLAD: Gjertrud Øvretveit er glad ho slepp å møte i retten.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ein av dei som risikerte å bli teken til retten var Gjertrud Øvretveit, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Ho har sjølv lenka seg fast.

– Det var ei gledeleg overrasking, og heilt på sin plass. Det er jo klart at det er ubehageleg med eit slikt søksmål. Eg hadde tre kroner på kontoen då dette vart varsla, seier ho.

Men ho trur kostnadane berre er ei unnskyldning for Nordic Mining til å ikkje gjennomføre søksmåla.

– Vi var jo nesten hundre stykk, og det hadde jo vore litt av eit prosjekt å skulle saksøke oss individuelt. Men eg trur først og fremst dei innsåg kor småleg det var, og at det handla om å prøve å redde ansikt.

Handla om kostnader

Fossum meiner dei prinsipielt burde gjennomført søksmåla, men at dei etter ei samla vurdering kom fram til at kostnaden og ressursbruken blir for stor.

Ivar Fossum

DROPPAR SØKSMÅL: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg vil understreke at det er vår fulle rett til å gå til søksmål ved slike aksjonar, men ei totalvurdering gjorde at vi no held fram å utvikle prosjektet.

Ifølgje Fossum har selskapet tapt mindre på aksjonane enn første frykta. No vil dei fokusere på å analysere ferdig kjerneprøvene av rutil som er tekne ut av fjellet. Resultatet av dette blir avgjerande for det vidare prosjektet, og er venta å vere klart i løpet av tredje kvartal.

Denne prosessen følgjer også aksjonistane nøye med på. Om det blei rettssak eller ikkje ville uansett ikkje hatt noko å seie for deira rolle vidare, meiner Øvretveit.

– Det søksmålet ville eventuelt ha vore for å skremme oss vekk, og det ville dei ikkje klart uansett. Så om prosjektet blir gjennomført, så er vi tilbake i Vevring uansett.