Hopp til innhold

Erkjenner ikkje straffskuld

FJORDANE TINGRETT (NRK): Ingen av dei ni på tiltalebenken sa seg skuldige då dei i dag stod tiltalte i Fjordane tingrett for aksjonane sine mot gruvedrift og dumping av masse i Førdefjorden.

Aksjonistane utanfor rettssalen i Førde

SPENTE: Dei sju som stod tiltalt i dag har aldri vore med på noko liknande før. Dei er skulda for å ikkje ha flytta seg etter at politiet bad dei om det.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Men alle erkjende at dei har drive med sivil ulydnad.

– Det er jo litt spennande, eg har aldri vore med på noko slikt før, sa leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, på veg inn i retten.

I februar i år deltok til saman 86 personar i ein aksjon der dei forsøkte å stogge gruveselskapet Nordic Mining sitt arbeid med å prøvebore etter rutil i Engebøfjellet i Naustdal.

Aksjonistane haldt det gåande i tre veker, og gruveselskapet hevdar at dei har tapt over 700 000 kroner på aksjonane.

​Den første dagen med aksjonar rykka politiet ut med til saman 16 tenestemenn for å fjerne aksjonistane. 14 aksjonistar vart tekne med til politihuset i Florø. 10 av desse vedtok ikkje førelegget, og sit i dag på tiltalebenken. Sju av dei møter i retten, medan tre andre er med på telefon og Skype.

Natur og Ungdom aksjon Engebøfjellet
Foto: Natur og Ungdom/Torkel Lie

Kvar bot var på 10.000 kroner, totalt over éin million kroner. Nokre av aksjonistane har godteke bota, men 70 personar nektar å betale. Somme har også fått meir enn éi bot.

Samd i dei faktiske forholda

– Det er ingen av mine klientar som seier seg usamde i det som faktisk skjedde. Alle innrømmer at dei aksjonerte slik dei står tiltalt for, seier forsvararen til aksjonistane, Randi Spydevold.

Ingen av dei tiltalte meiner at dei hadde noko anna val enn å gripe inn i det dei meiner er ei potensiell miljøkatastrofe.

Det er dei aller første aksjonane i februar som er utgangspunktet for rettssaka. Dei gjekk føre seg nede ved fjorden på Engebø i Naustdal, og gjekk ut på å stogge tilsette i Nordic Mining å kome seg opp på Engebøfjellet.

Av dei ti på tiltalebenken i dag, var ni av dei også seinare med på aksjonane som gjekk føre seg oppe på sjølve Engebøfjellet, og dei aksjonane er difor også eit tema i rettssalen.

Forsvarar for gruveaksjonistane

FORSVARAR: Randi Spydevold er forsvararen til alle dei ti tiltalte aksjonistane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Ei demokratisk plikt

Forsvararen la vekt på at sivil ulydnad er eit akseptabelt verktøy for å syne engasjement i det demokratiet vi bur i. Normalt skal ein gjere som politiet seier, men i dette tilfellet var det heilt naudsynt å gjere noko anna, argumenterte Spydevold.

Demonstrasjonen i Naustdal er den største sidan Alta-aksjonen i 1981, då meir enn 1.000 personar fekk fem millionar kroner til saman i bot for protestane mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget.

Det er sett av tre dagar til rettssaka mot dei ti aksjonistane, og rettssaka går føre seg i Fjordane tingrett i Førde.