Hopp til innhold

Gruve-aksjonistar i retten denne veka

Aksjonistane som nekta å betale bota si etter demonstrasjonen mot fjorddeponiet i Førdefjorden, må møte i retten.

Paroler på Engebøfjellet

AKSJONERTE: I tre veker i februar heldt aksjonistar det gåande for å protestere mot gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Å få dette på rullebladet er ein liten pris å betale for å kunne vere med å stoppe eit prosjekt som dette, seier Ingrid Skjoldvær som er leiar i Natur og Ungdom.

Ho er ein av totalt 86 personar som blei bøtelagd for sivil ulydnad etter demonstrasjonen utanfor Vevring i Naustdal i februar i år.

I tre veker forseinka aksjonane prøveboringa til gruveselskapet Nordic Mining, noko som førte til saftige bøter for aksjonistane.

Kvar bot var på 10.000 kroner, totalt over éin million kroner. Somme av aksjonistane har godteke bota, men 70 personar nekta å betale. No må dei møte i Fjordane tingrett.

Angrar ikkje

Nordic Mining har tidlegare sagt at aksjonane har ført til store tap grunna forseinkingane.

Natur og Ungdom fryktar følgjene av eit fjorddeponi, og meiner gruvedrifta er miljøkriminalitet. Skjoldvær seier aksjonen var nødvendig for å hindre eit endå større lovbrot, og sjølv om ho må i retten denne veka, har ikkje gruveaksjonisten angra på demonstrasjonen.

– Det er første gong eg skal gjennom noko sånn. Eg er spent på kva som kjem til å skje, men eg gler meg til å fortelje i retten om kvifor vi har gjort det vi har gjort, seier Skjoldvær.

Uvisst tal på rettssaker

Rettssaka som byrjar tysdag dreiar seg om dei første aksjonistane som sperra vegen opp til Engebø-fjellet. Det var 14 aksjonistar som lenka seg saman, av dei var det fire personar som vedtok bota.

– Det er totalt 70 personar i saka, men ein må vurdere kor mange ein skal ta i kvar sak. Det kan vere at enkelte vil vedta sine førelegg etter kvart, seier politiadvokat Erling Melvær.

Dei fleste har fått ei bot på 10.000 kroner, nokon har vore med fleire gonger og fått bot på 20.000 kroner.

No kan det bli enno dyrare.

– Den klare hovudregelen er at bøtene blir heva med 2.000 kroner, i tillegg til sakskostnader, seier Melvær.

Største sidan Alta-aksjonen

Demonstrasjonen i Naustdal er den største sidan Alta-aksjonen i 1981, då meir enn 1.000 personar til saman fekk fem millionar kroner i bot for sin protest mot utbygginga av Alta-Kautokeino vassdraget.

Skjoldvær seier ho er spent for kva som ventar i retten denne veka. Ho fortel at dei vil vise til naudretten og ber om å bli frikjent.

– Det verste som kan skje er at vi må betale den fulle summen og eventuelt sakskostnader, men forhåpentlegvis blir vi erklært ikkje skuldige.

– Eg håpar vi skal greie å stoppe dette prosjektet. Vi har fleire aksjonistar på lista som er klare for demonstrere igjen dersom det skulle bli nødvendig.