Både Terje Søviknes (Frp) og Pål Kårbø (KrF) har antyda at hordalendingane seint vil gløyme at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil fordele kraftmilliardar til kommunane sine før fylkessamanslåinga.
Natalia Golis i Hordaland MDG likar ikkje tonen.
– Ein kan gjerne meine at vedtaket er uklokt eller uheldig, men personleg meiner eg at slike referansar til «hemn» og «vil hugse» gir oss eit skot for baugen. Det er ein ganske hårreisande uttale, seier Golis.
– Høgt spel som sår splid
Ynsket til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har skapt politisk splid mellom dei to vestlandsfylka. Mot Frp sine røyster, gjorde fylkespolitikarane tysdag prinsippvedtaket som dei håpar skal sikre at kraftmilliardane blir att i fjordfylket når Vestland fylke blir ein realitet 1. januar 2020.
SØVIKNES: Terje Søviknes har uttala at han fryktar at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane gjer noko som kan få store negative følgjer for Sogn og Fjordane på lang sikt.
Foto: Erlend Hykkerud / NRKI Hordaland meiner Søviknes og Kårbø at vedtaket gir det nye fylket ein dårleg start.
– Når Sogn og Fjordane fylkesting skjer gjennom slik er det naturleg at vi vil hugse dette i arbeidet vidare, sa Kårbø.
Uttalen får politikarar, ikkje berre i Sogn og Fjordane, til å reagere.
– Vi har mange viktigare ting vi skal løyse framover no, enn å så splid og ikkje minst spele så høgt spel som Kårbø gjer. Eg er eigentleg ganske skuffa, seier Golis.
Demokratisk vedtak
Partane på kvar si side av fylkesgrensa er usamde om kva intensjonsavtalen seier om kraftaksjane.
Golis vil ikkje ta stilling til kven som har feil eller rett, men fryktar at uttalane den siste tida vil påverke samarbeidsklimaet framover.
Ho meiner hordalendingane må respektere vedtaket til kollegaene i nord.
– Dei har gjort sine politiske vedtak demokratisk. At vi går slik ut, seier at det skal få følgjer for korleis vi skal forvalte ein region i framtida, er sterke ord som eg tek sterk avstand frå, seier ho.
Vil ikkje kommentere
– Eg trur vi skal setje oss ned og vurdere kva vi kunne gjort annleis. Personleg tenkjer eg at vi som er det store fylket, og trass alt skal sitje med størstedelen av ansvaret, skal vere mykje rausare enn dette, legg ho til.
NRK har torsdag vore i kontakt med Kårbø, som ikkje ynskjer å kommentere saka ytterlegare. Han presiserer likevel at han aldri har brukt ordet «hemn».
Solis meiner nye Vestland har nok av utfordringar til å henge seg opp i kraftaksjane.
– For meg handlar det om å bli ein sterk region. Vi slår oss ikkje saman for å få kloa i kraftpengane til Sogn og Fjordane. Det må vi formidle. Når Kårbø går ut slik, så sår det mistru og mistillit, avsluttar MDG-politikaren.