Hopp til innhold

Søviknes: – Frykteleg dårleg start på det nye Vestland fylke

Frp-topp Terje Søviknes er forbanna på politikarane i Sogn og Fjordane som vil gje vekk milliardar av kroner før dei blir ein del av det nye storfylket Vestland.

Ny statsråd i Olje- og energidepartementet

MISNØGD: Terje Søviknes meiner det vil fungera mot si hensikt, når politikarane i Sogn og Fjordane ynskjer å gi vekk milliardar før samanslåinga med Hordaland.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I dag gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane prinsippvedtak om at dei vil gje vekk kraftaksjar verd mange milliardar til kommunane i fylket, i staden for å ta dei med inn i buet når fylket skal gifte seg med Hordaland i 2020.

I snart eit år har dei to fylka krangla om kva som skal skje med kraftaksjane.

– No har vi gjort eit prinsippvedtak. Så må vi sjølvsagt sjå korleis det går med rettssaka, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og viser til usemja dei har med BKK om aksjane.

Misnøye i Hordaland

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig nær 50 prosent av Sogn og Fjordane Energi (SFE), og ynskjer å behalde verdiane i fylket når dei går inn i det nye Vestland fylke.

Førstekandidat for Framstegspartiet Vestland, Terje Søviknes, er ikkje imponert over tankegangen til kollegaane i Sogn og Fjordane.

– Det er oppsiktsvekkjande at ein ved inngangen til eit giftarmål mellom fylka vel å gi vekk så store verdiar. Ein tek frå seg sjølv høve til å bruka avkasting frå SFE-aksjane til å utvikle vidaregåande skular, kollektiv trafikk og ikkje minst samferdsel i det nye fylket.

Han fortel at Hordaland aksepterte dei vedtektene Sogn og Fjordane presenterte, med føresetnad om at 100 prosent av aksjeposten vart lagt i fondet, og dimed sikra ein bruk i dei geografiske områda Sogn og Fjordane utgjer i dag.

– Det er ikkje overraskande etter dei rundane me har hatt med diskusjonar, men det forundrar meg likevel at ein vel å gå linja heilt ut og ikkje aksepterer den handstrekninga Hordaland gav.

– Verkar lurt i augneblinken

Han meiner dei har jobba for å finne alternative, gode løysingar og trur no at nabofylket skyt seg sjølv i foten med tanke på samarbeidet vidare.

Han trur ikkje dette vil bli gløymt med det fyrste og undrar seg over kor stor investeringsviljen til prosjekt i Sogn og Fjordane vil bli, når ein veit at politikarane der har gitt vekk milliardar.

– Eg fryktar at ein gjer noko som kan virke lurt i augneblinken, men som får store negative konsekvensar for Sogn og Fjordane på lang sikt.

– Eg synst det er ein frykteleg, frykteleg dårleg start på det nye Vestland fylke.

Står fast på valet

Jenny Følling

VIL BESTEMME SJØLV: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, fylkespolitikarane har sitt på det reine. – Dette er inga fiks løysing. Vi har følgt intensjonsavtalen, vore opne på prosessane og dei som var med på forhandlingane veit at dette var eit viktig punkt for Sogn og Fjordane.

Foto: Elise Angell / NRK

Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, klarer ikkje å sjå den store konflikten.

– No har ikkje Søviknes den beste historia når det gjeld krafteigarskap. Han selde mellom anna ut eigarskap i Os kommune, der han har vore ordførar i ganske mange periodar, seier ho.

Følling legg vekt på at det endå er Sogn og Fjordane som eig aksjane, og at dei difor bør kunne bestemme sjølv kor verdiane skal bli liggjande.

– Det vi er opptekne av, er at når vi har eit eigarskap til aksjane, så vil vi sikre dei ein offentleg eigarskap og at vi kan bruke det til å utvikle gamle Sogn og Fjordane fylke og kommunane der. Det vil også vere ein vinst for Hordaland og Vestland fylke.

BKK er også eigar i SFE. BKK meiner dei har forkjøpsrett på aksjane, om fylkeskommunen prøver å gje dei vekk til kommunane. Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK for å få avklara dette.

BKK tapte i første rettsrunde, men har anka saka vidare til Gulating lagmannsrett.