Hopp til innhold

– På tide at el-bilistane betalar for seg

Elbilistane er no blitt så mange at fylket må punge ut for inntektene ferjeselskapa tapar på å la dei gå gratis. Senterpartiet meiner det er på tide å kutte gratisordninga.

"Ampere"

KREV BETALING: Senterpartiet meiner elbilistar også må betale for seg på ferjesambanda.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Denne veka måtte samferdsleutvalet betale ut 1,7 millionar kroner i kompensasjon til ferjeselskapet Fosen Namsos Sjø AS, for tapte inntekter. Den store auken i elbilar, som går gratis på ferjesambanda, har kutta kraftig i inntektene til ferjeselskapa i fylket.

No meiner Senterpartiet at det er på tide å setje foten ned. El-bilistane må også betale for seg på fylkesvegane, seier fylkesleiar i Sp, Jostein Ljones.

– Me må sørge for at me har inntekter. Måla våre for ferjetrafikken er ambisiøse, og me har vedteke ein miljømodell som vil koste mykje. Skal me få dette til, er det heilt sikkert at el-bilførarane også må vere med på å bidra.

LES OGSÅ: Elbil-trafikken 30-dobla på fire år | Krever at staten tar fergeregningen for elbiler

Kraftig auke i sal av elbilar

For å stimulere til kjøp av elbilar og dermed redusere utsleppa i den nasjonale bilparken, har det vorte innført ei rekke fordeler med å kjøpe og køyre elbil.

Halhjem sandvikvåg bompenger ferge

Elbilistane slepp enno å betale for billett på ferjesambanda.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Salet av elbilar har også auka kraftig dei siste åra. I årets tre fyrste månadar blei 7.202 elbilar registrerte, noko som utgjer vel 20 prosent av personbilane.

Det er for lengst klart at Noreg kan nå målet om 200.000 elbilistar lenge før fristen i 2020.

Leiar i samferdsleutvalet Gustav Bahus (Frp) seier godene elbilsjåførane har fått, har bidrege til at ein har lukkast med å få fleire elbilar på vegen. Tida er enno ikkje inne til å krevje billett frå el-bilistane på ferjer, seier Bahus.

– Ein tykkjer det er for tidleg å setje inn restriksjonar på eit tiltak som har vore så vellukka.

Vil halde på ordninga

Gustav Bahus, FrP

Leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Gustav Bahus (Frp)

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det har vore einigheit både på stortinget og i regjeringa med ulike politiske fleirtal om at insentivordningane for elbilane skal gjennomførast, og at ein skal prøve å få fleire elbilar på vegen. Har ein eit mål og insentivordningar, så skal me ta vare på dei, meiner Bahus.

Jostein Ljosnes (Sp) meiner det er vanskeleg for politikarar å rokke ved godene til elbilsjåførane.

– Det er nokon som no har ganske store fordeler ved å ha elbil, og då er det ein stor politisk belastning å ta dette opp, seier han.

LES OGSÅ: Kutter elbilenes rett til kollektivfeltkjøring | – Elbiler får ikke kjøre i kollektivfeltet på E18