Hopp til innhold

Elbil-trafikken 30-dobla på fire år

Trafikken i bomringen Bergen går opp, men det vert færre bensin- og dieselbilar.

Danmarksplass

TRAFIKKAUKE: For fire år sidan var det 50.00 elbil-passeringar i bomringen. I fjor var talet 1,5 millionar.

I 2010 passerte elbilar bomringen i Bergen under 50.000 gonger, medan talet var tidobla i 2012 til 500.000 passeringar.

I fjor skjedde ei ny tredobling: 1,5 millionar passeringar med elbil. Det har altså vore ein eksplosjon i elbil-trafikken.

I går fortalde NRK at den totale trafikken gjennom bomringen i Bergen har gått opp 1,6 % i forhold til for fire år sidan, noko som er eit brot på avtalen med staten.

Men statistikken avslører også eit stort paradoks. Elbilane har hatt ein så stor auke at den totale biltrafikken går opp.

For talet på bensin- og dieselbilar i bomringen har nemleg gått ned over éin prosent i denne perioden, men den nedgangen blir meir enn oppheva av auka i elbiltrafikken.

1,5 millionar gratispassasjerar

Hadde elbilane betalt i staden for å køyre gratis, ville det gitt bompengeselskapet minst 30 millionar kroner meir i kassa.

Tom-Christer Nilsen

MINDRE EFFEKT: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen seier at det blir mindre effekt av bompengeauken når fleire kjøper elbil.

Foto: NRK

Elbilen sitt fritak for bompengar har altså truleg medverka til at den totale trafikken i Bergen går opp. Det er berre trafikken i den indre bompengeringen som er redusert i fireårsperioden.

– Når vi ser at det er selt 2.000 elbilar i Bergen kommune på litt over eit år, så blir det også mindre effekt av bompengeauken, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Store utfordringar

– Kan ein då fortsetje med dei fordelane ein har for elbilane?

– Det håpar eg, for i ein by som Bergen, der luftkvaliteten er ein av dei store utfordringane, så har bilar utan lokalt utslepp enormt stor positiv betydning, seier Nilsen.

Han ønskjer også at fleire næringsdrivande skal satse på elektrisk transport.

– Vi må sjå korleis ein kan gjere det meir attraktivt for næringsdrivande å bruke el-varebilar for å redusere utslepp ytterlegare, seier Nilsen.