Hopp til innhold

No treng småfuglane hjelp til å overleva

Langvarig sprengkulde og snø er dårleg nytt for småfuglane. Fugleekspert seier at solsikkefrø og meisebollar kan redda svært mange liv dei komande dagane.

Rødstrupe

RAUDSTRUPE: Dette er ein av fuglane som kan slita når det er veldig kaldt.

Foto: Torhild Jansen / seerbilde

Idylliske vintermotiv er å sjå overalt i sosiale medium.

Ifølgje meteorologane har det vore uvanleg kaldt over heile landet, og kulden skal halda fram fleire dagar til.

Snø, sol og sprengkulde ser flott ut på bilde, men for småfuglane betyr det ein dagleg kamp for å overleva.

– Nokre artar er definitivt desperate no, seier Frode Falkenberg i Norsk Ornitologisk Forening til NRK.

Han tenkjer spesielt på artar som raudstrupe og svarttrost, som vanlegvis finn maten sin på bakken. No er den mange stader dekka av snø og is.

Andre småfuglar som finn meir av maten sin over bakken, til dømes i konglar og bjørkeraklar, greier seg betre gjennom slike tøffe periodar, ifølgje fugleeksperten.

Rødstrupe landet på NRK-mikrofon

KOSELEG MØTE MED RAUDSTRUPE: Ein raudstrupe sette seg på mikrofonstonga til eit NRK-team i Bergen tidlegare denne veka. Fugleekspert Frode Falkenberg seier dette tyder på at ein del småfuglar tek større sjansar i håp om å få ein matbit.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Tek større sjansar

Denne veka kom ein raudstrupe heilt bort til eit tv-team frå NRK i Bergen, og sette seg både på kameraet og mikrofonstonga. Falkenberg har denne forklaringa:

– Dei veit at det ofte følgjer mat med menneske. Difor tek dei større sjansar no, og verkar mindre redde.

Han seier dei fleste småfuglar taklar vanlege vintrar godt, sjølv med litt kulde og snø. Men langvarig kulde kan få fatale følgjer.

– Sånne kuldeperiodar på tre-fire veker som vi har no, kjem til å ta knekken på mange fuglar av desse mest sårbare artane, seier Falkenberg.

Vinteren 2010 var også veldig hard for småfuglane. Det fekk alvorlege følgjer for blant anna gjerdesmetten.

– Den var nesten heilt vekke sommaren etter, og det gjekk fire-fem år før bestanden var tilbake på normalt nivå. Vi må rekna med å sjå liknande konsekvensar etter denne vinteren, seier han.

Mat til småfuglene

KAN REDDA LIV: Litt fuglemat kan redda livet til mange småfuglar.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Lett offer for kattar

Det er også andre typar fuglar som slit i kulda, blant anna dei som lever i kanten av ferskvatn.

Norsk Ornitologisk Forening har fått inn meldingar om svært mange døde fuglar, ofte artar som rugde, enkeltbekkasin og vannrikse.

– Desse får kjempeproblem når ferskvatn frys. Når dei ikkje får tak i mat, og har brukt opp feittreservane, går det ut over muskulaturen. Då kan dei etter kvart bli så svekka at dei dør, eller dei misser flygeevna og blir eit lett offer for kattar, seier Falkenberg.

Men mange av fuglane kan vi heldigvis hjelpa ved å gje dei mat.

Falkenberg har følgjande meny på fuglerestauranten sin:

  • Solsikkefrø
  • Usalta jordnøtter i kolbe
  • Heimelaga meisebollar
  • Havregryn
  • Eple
  • Usalta spekk

Han understrekar at det viktig å unngå mat som inneheld salt.

Frode Falkenberg

TØFT FOR SMÅFUGLANE: Frode Falkenberg i Norsk Ornitologisk Forening seier det er tøffe tider for ein del av småfuglane no i kulden.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Hjorten bør ikkje få mat

Men det er ikkje alle som lever i naturen som bør få servert mat, sjølv om dei kjempar mot svolt og kulde. Det gjeld til dømes hjorten.

Viltforvaltar i Bergen kommune, Caroline Ertsås Christie, forstår at mange ønskjer å hjelpa hjorten. Likevel er det grunnar for at kommunen åtvarar mot å gjera det i tettbygde område.

– Hjort som blir mata vil gjerne koma tilbake på andre tider av året. Det kan gje utfordringar for dei som bur i området og føra til trafikkfare.

Ho seier at hjorten så langt har greidd seg bra gjennom kuldeperioden, blant anna fordi dyra fekk bygd opp gode feittlager før vinteren kom.

Spor etter hjort

LEITAR ETTER MAT: Det er vanskelegare for hjorten å finna mat no når det er snø og is overalt.

Foto: Åge Algerøy / NRK