– Dette er ei skandale, vi prøvar å verne om villaksen, så går den rett i helvetesporten til oppdrettarane, seier Knut Munthe Olsen.
Munthe Olsen driv med utleige av overnatting og fiskerettar i Årøyelva i Sogndal. No er han oppgitt og lei seg.
Tal frå Havforskingsinstituttet syner at i 2017 døydde vel 80 prosent av villakssmolten i fleire elvar i Sogn og Hardanger. Det er skyhøgt, også samanlikna med resten av landet.
– Vi har i dag under ein halv million villaks fordelt på alle elvar i Norge, vi toler ikkje mange slike år, seier Munthe Olsen.
Langt over staten si smertegrense
Gjennom den såkalla trafikklysordninga har staten sett grensa på 30 prosent for når oppdrettarane bør redusere produksjonen i eit område. Men fiskeriministeren vil sjå an utviklinga, og det blir verken kutt eller vekst i år.
Det er elvane inst i dei lengste fjordane som er hardt råka. Årsaka er vind og straumtilhøve, seier forskar ved Havforskingsinstituttet Ingrid Askeland Johnsen.
– 2017 hadde vi ei periode med kraftig straum inn fjordane. Straumen transporterte masse lus innover og trefte fisken som akkurat då var på veg ut.
Oppdrettsbransjen slår tvil om tala
Oppdrettsbransjen meiner tala kan vere feil. Leiar for region Vest i Sjømat Norge, Hans- Inge Algrøy, seier havforskarane nyttar modellar og ikkje målingar.
TVILANDE: Regionsjef i Sjømat Norge på Vestlandet Hans-Inge Algrøy.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– Det kan vere ting dette året som gjer at det ikkje blir riktige tal, men vi skal ta innover oss at vi må gjere endå meir for å redusere lusetalet i utvandringsruta og på tidspunktet smolten vandrar, seier Algrøy.
I 2016 låg lusedøden i Sogn på vel 35 prosent. Ingrid Askeland Johnsen seier usikkerheita til modellen fyrst og fremst er knytt til når smolten vandrar:
– Dersom fisken i realiteten vandrar ut tidlegare om våren kan våre tal vere for høge, medan om den vandrar seinare kan tala vere mindre enn den faktiske lusedøden.
Vil ha næringa i lukka anlegg
Ved Årøyelva er det klekkeri der laksesmolten skal få utvikle seg i fred og ro, men snart blir den sett ut i elva og skal til på ferda ut fjorden.
Knut Munthe Olsen, som også er leiar i Sogn villaksråd, er blant dei som vil ha næringa i lukka anlegg.
– Situasjonen er fortvilande. Oppdrettsfisken må i lukka anlegg på land eller sjø.
Men Sjømat Norge er ikkje samd:
– Havbruksnæringa er basert på naturlege føremoner som golfstraumen og gode lokalitetar. Eg synest ikkje vi skal jobbe med å få næringa på land, seier Algrøy.
SMOLT: Villakssmolt i klekkeriet ved Årøyelva.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK