Hopp til innhold

– Dette går mot alt vi har lært om rettferdigheit

BATALDEN (NRK): Norske lakseoppdrettarar har investert milliardar for å bli kvitt lakselus. No lurer fleire på om det var verdt det.

Geir Karstensen på oppdrettsanlegget på Batalden

MISTAR MOTIVASJONEN: Geir Karstensen seier at det går ut over motivasjonen når dei kjenner seg så urettferdig behandla av myndigheitene.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette går mot alt vi har lært om rettferdigheit, seier Geir Karstensen.

Saman med broren Nils Tore driv han oppdrettsfirmaet E. Karstensen på øya Batalden utanfor Florø. Å bli kvitt lakselus har vore deira førsteprioritet.

– Lus, lus, lus. Slik har vi tenkt heile vegen. Vi var nokre av dei første som byrja med leppefisk, og no er vi først ute med laserteknologi. Vi satsar millionar, fordi myndigheitene stiller krav om at vi skal bli kvitt lusa.

No kunne dei tenkt seg å utvide drifta, men denne månaden kom sjokkbeskjeden frå regjeringa: ingen aktørar på det sentrale Vestlandet får lov til å vekse dei neste to åra. Det er for mykje lus i regionen sett under eitt.

– Vi blir straffa for lakselusa inne i Sognefjorden, sukkar Geir Karstensen.

Nils Tore Karstensen på Batalden

HAR SATSA: Brørne Karstensen har satsa på å overvinne lakselus i tretti år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sjømatnæringa fortvilar

Regjeringa sine nye reglar slår fast at regionar med for mykje lakselus ikkje skal ha noko vekst i produksjonen.

På det sentrale Vestlandet har ein ikkje klart å bli kvitt lusa, og regionen får ikkje vekse. Då hjelper det lite at oppdrettarane på kysten av Sunnfjord har vore dei flinkaste i klassen. Regionen blir vurdert samla.

Brørne Karstensen på Batalden sit fortvila att, og fryktar at alle dei store investeringane deira er fånyttes.

Oppdrettskart

NYTT KART: Slik deler regjeringa inn lakse-Norge. På det sentrale Vestlandet får ingen lov til å auke produksjonen sin.

Foto: skjermdump

– Det har kosta mellom 8 og 10 millionar berre for laserteknologien vi har kjøpt, seier Nils Tore Karstensen.

Brørne var nemleg nokre av dei første i Norge som kjøpte den nye teknologien luselaser. Den tek livet av lakselus med laserstrålar. No lurer dei på om kjøpet var verdt det.

Og dei er ikkje åleine. Sjømat Norge reknar med at det har blitt investert mellom åtte og ti milliardar på å overvinne lakselus dei siste åra.

– Og mange av desse er no frustrerte, seier direktør for havbruk i Sjømat Norge, Jon Arne Grøttun.

Laser som drep lakselus

MILLIONAR: Hos E. Karstensen har dei investert mellom 8 og 10 millionar kroner i slike laserar som drep lakselus med laserstrålar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Per Sandberg: – Vi må ha kontroll på veksten

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) seier han forstår frustrasjonen til Karstensen og andre oppdrettarar som har blitt kvitt lus. Likevel kan han ikkje love forandring.

– Vi må sjå på den samla miljøbelastninga på eit geografisk område under eitt. Vi prøver å få til ei berekraftig utvikling, og då er dette naudsynt, seier Sandberg.

Nils Tore Karstensen

FORTVILT: Nils Tore Karstensen er fortvilt over at bedrifta hans ikkje får lov til å vekse.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sandberg legg til at det vil bli opna for at enkeltaktørar kan søke om dispensasjon frå dei nye reglane.

Brørne Karstensen har ikkje trua på at dei får noko slikt unnatak.

– Det blir lagt opp til at ein må ha eit endå lågare nivå på lus enn oss for å sleppe unna. Det blir nok ikkje aktuelt for oss, slik vi har forstått det, seier Geir Karstensen.