– Eitt av dei største idrettsarrangementa fylket har hatt

FØRDE (NRK): Dagen før det store sykkelrittet Tour des Fjords, har ordførar i Førde Olve Grotle (H) prøvekøyrt delar av løypa.

Olve Grotle på sykkel

PRØVDE LØYPA: Ordførar i Førde Olve Grotle (H) prøvde delar av løypa til Tour des Fjords tysdag føremiddag.

Foto: Marte Iren Noreng trøen / NRK

– Det er eigentleg ganske fantastisk at vi har ei så spektakulær sykkelløype midt i Førde sentrum, sa Olve Grotle då han i morgontimane tysdag brukte ein av Førde kommune sine elsyklar opp den smale gamlevegen opp Gjelet på Hundvebakke i Førde.

Den smale og kronglete vegen svingar seg ganske bratt oppover, og ordføraren trur det er akkurat der det kan bli spennande i morgon.

– Når ein ser kor smalt det er opp Gjelet, skulle ein kanskje ikkje tru at det var eigna til å arrangere eit stort sykkelritt, men her skal vi altså ha eitt av dei største idrettsarrangementa vi har hatt her i fylket.

Og det er ikkje berre i Førde ein kan sjå proffsyklistar i full fart i morgon. Sykkelrittet tek til i Balestrand og skal gå over Gaularfjellet, gjennom Gaular, rundt Jølstravatnet og ned til Førde sentrum.

– Eg håpar folk no skjønar kor stort dette er, og tek seg tid til å stille seg opp langs løypa for å sjå på. I morgon er det folkefest, seier Førde-ordføraren.

Les også: Klart for folkefest i Sogn og Sunnfjord

Løypeprofil Tour Des Fjords Balestrand - Førde

FRÅ BALESTRAND TIL FØRDE: Slik ser løypa ut, der sykkelstjernene skal måle styrke.

Foto: Skjermdump

Trur det kan bety mykje for fylket

Her på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane kan du følgje folkelivet langs sykkelløypa med ei eiga nettsending frå klokka 13. Olve Grotle trur også det kan vere spennande å følgje rittet frå sidelinja.

– Det går jo fort, men om du står ein plass der er oppoverbakke til dømes, vil du få sjå ryttarane litt meir.

Det er ikkje meldt noko særleg med sol i morgon, men Grotle håpar likevel at fjernsynsbileta frå rittet kan vere gode reklame for fylket.

– Det er veldig mange grunnar til at det er viktig for Sogn og Fjordane å arrangere noko slikt som dette. Ein av grunnane er at det vil bli mykje reklame for fylket i dei flotte TV-bileta, sjølv om det kanskje blir litt grått.

Olve Grotle og Stein Aase på sykkel

TUNGT: NRK sin reporter tykte det var ganske tungt å sykle opp Hundvebakkegjelet tysdag, men Førde-ordførar Olve Grotle hadde elsykkel, og vart ikkje sliten i det heile.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Mange stengde vegar

Tour des Fjords skal følgje fleire viktige vegstrekningar, som E39 langs Jølstravatnet. Prosjektleiar for arrangementet, Vidar Slettehaug, seier at folk må rekne med vegstengingar i morgon.

– Sjølve løypa blir stengd ein time før ryttarane kjem, og så er det nokre plassar det blir stengt endå tidlegare.

Vidar Slettehaug, Tour des Fjords

HÅPAR PÅ FOLKEFEST: Vidar Slettehaug er prosjektleiar for Tour des Fjords.

Foto: Arne Stubhaug, NRK

Les også: Slik påverkar Tour des Fjords trafikken i fylket

Sykkelkonkurransen tek til klokka 13 i morgon i Balestrand, men Slettehaug oppmodar folk om å bruke nettsida vegvesen.no for å finne nøyaktig informasjon om kor tid vegane kjem til å vere stengde.

– Det er eit litt komplisert bilete dette med vegstengingar, så eg vil oppmode folk om å bruke Vegvesenet sine heimesider. Der står det skildringar av kva som blir stengt, og kor tid.