NRK Meny
Normal

Klart for sykkelfest i Sogn og Sunnfjord

For første gong kjem det store sykkelsirkuset Tour des Fjords til Sogn og Fjordane. Om ein månad, den 24. mai, trillar verdas beste syklistar inn i fylket.

Alexander Kristoff vinner i Stavanger Tour des Fjords

MÅLAGANG: Her går Alexander Kristoff over målstreken i Stavanger under Tour des Fjords i 2016.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

144 syklistar frå 21 nasjonar deltek på første etappen i fylket som startar i Balestrand og tek syklistane over Gaularfjellet og Rørvikfjellet via Moskog, rundt Jølstravatnet og til mål i Førde.

Arrangørane håpar på folkefest.

– Vi har gode samarbeidspartnarar i kommunane der løpet går, og dei jobbar no for å mobilisere folk til å kome seg ut langs løypa, seier prosjektleiar Vidar Slettehaug.

Den andre etappen skal starta i Gulen og går til Norheimsund. Dei tre neste etappane tek syklistane heile vegen til Stavanger.

Heile verda ser på

Bileta frå sykkelrittet i Sogn og Sunnfjord skal sendast til 50 land. For dei som vil oppleve sykkelsirkuset på nært hald er starten i Balestrand og målgangen i Førde gode plassar.

– Eit anna tips kan vere på Gaularfjellet og Rørvikfjellet, der går farten noko ned slik at ein får sett syklistane betre, seier Slettehaug.

Løypeprofil Tour Des Fjords Balestrand - Førde

FRÅ BALESTRAND TIL FØRDE: Slik ser løypa ut, der sykkelstjernene skal måle styrke.

Foto: Skjermdump

«After bike»

I samband med rittet vert det ei rekke arrangement både på dag og kveldstid.

Vidar Slettehaug, Tour des Fjords

HÅPAR PÅ FOLKEFEST: Vidar Slettehaug er prosjektleiar for Tour des Fjords.

Foto: Arne Stubhaug, NRK

– Etter at syklistane har forlate Balestrand blir det barnesykkelritt og sidan det er «Kristi-Himmelfartsdag» dagen etterpå og folk har fri, blir det også «after bike» på kvelden. I Førde startar vi allereie klokka 12 med eit BMX sykkelshow.

I Førde er også alle skulane inviterte.

– Slik at alle elevane kjem til Festplassen og vert med på det vi lagar til her. Også i Førde vert det barnesykkelritt, og på kvelden etter målgang vert det konsert, seier Slettehaug.

Stengde vegar

Medan sykkelrittet går føre seg får det konsekvensar for trafikken. E39 vert i periodar stengd for annan trafikk.

– Det er klart at det vert nokre praktiske utfordringar i samband med rittet. E39 vert stengt for gjennomgangstrafikk i ein periode og Førde sentrum vert stengt frå kring klokka 16 og til ryttarane har gått i mål, seier Slettehaug.

Styrker beredskapen

På grunn av dei mange stengingane på E39 i samband med sykkelrittet Tour Des Fjords harHelse Førde bestemt seg for å styrke beredskapen sin.

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier det ikkje skal svekke beredskapen.

– Vi har hatt ein dialog med arrangøren og har tenke å styrke beredskapen utanfor sjukehus med å nokre fleire ambulansar i drift. Og også plassere ut ambulansar på det vi kallar strategiske punkt, seier Sægrov.

– Kva punkt kan det vere?

Stian Sægrov

STYRKER BEREDSKAPEN :Ambulnasesjef Stian Sægrov

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Særleg nå rittet kjem inn til Førde der dei skal køyre tre rundar i sentrum, då vil vi flytte ambulansar ut, slik at vi har ambulansar i Halbrendslia, på Haugum og på Sanderplassen, seier Sægrov.

– E39 vert og stengd ein periode, kva tiltak har de der?

– Vi vil ha ein ambulanse på Skei, vi kan og køyre på andre sida av vatnet i tillegg har vi ein dialog med arrangøren slik at det skal vere mogleg for utrykkingskøyretøy å kome seg fram, seier Sægrov.

.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå