Hopp til innhold

Slik påverkar Tour des Fjords trafikken i fylket

Når sykkelstjernene kjem til Sogn og Fjordane for første etappe i Tour des Fjords vert fleire vegar stengde. Her ser du kvar det vil bli ventetid i dag.

Alexander Kristoff først over målstreken i Stavanger

2016: Alexander Kristoff først over målstreken i Stavanger etter femte og siste etappe i Tour des Fjords 2016. Dermed tok han tre av fem etappesigrar, og han stakk av med samanlagdsigeren.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Onsdag 24. mai blir første etappe av årets Tour des Fjords arrangert i Sogn og Fjordane. Skal du få med deg sykkelfesten i dag, eller skal du ut på tur, må du planleggje godt.

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet frå Balestrand til Moskog, E39 i Jølster og Førde og riksveg 5 Florø-Førde vil bli stengt deler av dagen.

– Det har aldri tidlegare vore arrangert eit så stort sykkelritt i Sogn og Sunnfjord, og det vil få konsekvensar for trafikkavviklinga på riksveg 13, E39 og riksveg 5 Florø-Førde onsdag 24. mai, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling AS, lokal arrangør av sykkelrittet.

Alle som skal sjå syklistane på nært hald i Balestrand, Gaular, Jølster eller Førde vert oppmoda om å vera ute i god tid. I tidsrommet 11.00 til 18.30 vil det bli vegstengingar.

– Tour des Fjords startar klokka 13.20 i Balestrand sentrum. Hovudregelen er at vegen blir stengt ein time før syklistane kjem, seier Sanne-Gundersen.

Det er venta at mange vil ta turen for å sjå syklistane på Gaularfjellet og Rørvikfjellet, og sidan parkering kan bli ei utfordring er det sett opp bussar.

Her vert det stengt:

Opplysingane er basert på informasjon frå Statens vegvesen og arrangøren.

Fylkesveg 13 Gaularfjellet

  • Arrangørbussar med publikum frå Balestrand, Dragsvik, Sogndal og Førde kjem til Gaularfjellet kl. 12.15.
  • Her er det ikkje plass til anna trafikk medan rittet går føre seg. Strekninga Vetlefjorden (Mel) i Balestrand til Eldalsosen i Gaular blir stengd klokka 11 frå begge retningar. Vegen her opnar straks rittet har passert, ca. klokka 15.

Fylkesveg 13 Rørvikfjellet

  • Her er det ikkje plass til anna trafikk medan rittet går seg. Vegvesenet melder at strekninga Eldalsosen i Gaular til Moskog i Førde blir stengd frå klokka 14 frå begge sider.
  • Lokaltrafikk vil bli sleppt forbi, dersom det er mogleg.
  • Strekninga opnar straks rittet har passert, ca. klokka 15.45
  • Busstransport frå Førde og Sande til Rørvikfjellet.

E39 og riksveg 5

For å unngå oppsamling av bilar på vegen i området der rittet blir avslutta må E39 og riksveg 5 stengast i god tid før rittet passerer Førde og Jølstravatnet. Dette gjeld i alle retningar.

  • E39 frå sør blir stengd ved Langeland frå klokka 13.30. Trafikk mot riksveg 5 Florø/Naustdal blir sleppt forbi til ca. klokka 16.
  • Riksveg 5 frå vest blir stengd ved Naustdalsstranda/Erdal klokka 13.30. Trafikk mot E39 Vadheim/Bergen blir sleppt forbi fram til ca. klokka 16.
  • E39 frå nord/aust blir stengd ved Skei klokka 14. Rittet passerer Skei i perioden mellom 16.30 og 1650.
  • Riksveg 5 frå Fjærland/Sogndal blir stengd klokka 13.40 ved Brevasshytta
  • Desse vegane blir opna bak rittet så snart det let seg gjere. Gjennomkøyring på E39 og riksveg 5 blir opna ca. klokka 18.30.

Førde sentrum

  • Syklistane skal sykle forbi sjukehuset, gjennom Førde sentrum, forbi Førde kyrkje, opp gjelet og ned igjen på riksveg 5 frå Haugum til Førde hotell, opp igjen til Coop Xtra og same runden igjen, før spurten skjer i Angedalsvegen med målgang ved NRK Sogn og Fjordane/Førde stadion. Det betyr at Førde sentrum vil bli stengt for innkøyring ca. ein time før rittet kjem, dvs. frå klokka. 16.00.
  • Angedalsvegen blir stengd frå lyskrysset ved Domus til krysset ved Kyrkjevegen frå klokka 09 til rittet er ferdig.

E39 frå Bergen mot Førde

  • Siling av trafikken på E39 ved Langeland vil bli sett i verk frå kl. 13.30 av lokale politiressursar.

Samanfatta:

  • Fv 13 Gaularfjellet og Rørvikfjellet blir stengt for gjennomkøyring frå klokka 11:00 til klokka 18:00.
  • E39 Førde til Skei blir stengt frå klokka 13:30 til 18:30
  • E39 Sande (Vadheim) – Førde; Redusert framkommelighet 13:30 til 16:00, stengt 16:00 til 18:30
  • Rv 5/E39 frå Naustdal til Skei blir stengt frå klokka 13:30 til kl. 18:30 (omkøyring for personbilar via Hyen, Sandane)
  • Rv 5 Naustdal (Florø) – Førde; redusert framkommelighet 13:30 til 16:00, stengt 16:00 til 18:30
  • Trafikk ut frå Førde mot Skei må passere Moskog seinast innan kl. 14:30

NB: Andre etappe av Tour des Fjords har start frå Brekke i Gulen og det vil også få konsekvensar for trafikkavviklinga.