– Eg kjende eit enormt rykk i garnet, seier Årnes frå Sandalen.
Sidan han var ti år har han fiska i Jølstravatnet. 40 år skulle det gå før ein aure på 9,5 kilo og 87 cm skulle hamne i garnet.
– Den hang godt, så eg tok handa inn i hjella og drog den inn i båten, seier han.
– Er det som å vinne i lotto?
– Eg vil heller vinne i Lotto, men dette var veldig kjekt. Eg har fått mange store, men ikkje sånn som denne, ler Årnes.
- Les også:
Blir ikkje aure til middag
STORFISK TIL STORFISKAR: Auren ligg no i frysaren til storfiskaren Terje Årnes.
Foto: Leif Arne ÅsenStorfangsten skal ikkje pryde middagsbordet i kveld. Den er allereie i frysaren til Årnes.
– Det blir noko anna til middag. Fisken skal bli filetert og røkt. Det er det mest fornuftige.
Noko av det storfiskaren er mest spent på er kva som er i magen til den svære auren.
– Det kan vere ganske stor fisk i magen. Dei eter store fiskar, seier han.
– Det går jo berre oppover
FANGA I JØLSTRAVATNET: Den 9,5 kilo tungen auren vart tatt med garn i Jølstravatnet.
Foto: Leif Arne ÅsenAurefiske i Jølstravatnet, som er rekna som eit av landets beste aurevatn, har lange tradisjonar.
Årnes legg ikkje skjul på at han har drøymt om å få ein aure på denne størrelsen, men aldri trudd at det faktisk skulle skje. Han er likevel ikkje heilt ukjend med store aurar.
– I 2014 fekk eg ein på 6,7 kilo og i 2015 var det ein på 7,8 kilo, så det går jo berre oppover, ler han.
Hovudsesongen for fiske i Jølstravatnet er mellom 10. august og 15. september, då ved bruk av flytegarn.
– Eg kunne fiska heile året, men det er godt å tenke på noko anna når sesongen er over.
- Les også: