Hopp til innhold

Fangstsukesss i Jølstravatnet - han drøymer framleis om rekordfisken

ÅRDAL I JØLSTER (NRK): Dei siste åra har snittvekta på auren i Jølstravatnet auka jamt og trutt. Årets fisk er både større og finare enn før, meiner fiskarane.

Vidar Taklo starta dagens fiske klokka fem om morgonen.

IVRIG FISKAR: Vidar Taklo starta dagens fiske klokka fem om morgonen. På det djupaste er Jølstravatnet kring 200 meter og det får eit jamt tilsig av kaldt og mineralhaldig vatn frå Jostedalsbreen.

Foto: Wilhelm Støylen

– I dag var det bra, og eg trur vi leverte 33 kilo. Det er mykje stor og fin fisk, meir enn før. Det er eit teikn på at det er nok mat, seier Vidar Taklo.

Han står ved den gule båten sin og greier garn etter dagens fangst i Jølstravatnet. I det 30 kilometer lange vatnet som strekkjer seg frå Skei til Vassenden blir det årleg fiska opp 15 tonn aure frå vatnet.

Fiskemottak i Jølster

KVALITET: I år har Finn Årdal fått inn mykje og stor fisk.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Like ved, på fryserommet til fiskemottaket ved Jølstravatnet er Finn Årdal oppteken med å ta hand om all fisken som kjem inn. Han og familien har drive fiskemottak i over 50 år, og han let seg imponerer over auren som kjem i land i år.

– No er snittvekta 300 gram og vel så det. Den er betydeleg større enn tidlegare år- Den er fantastisk fin kvalitet på, og den er nesten berre blitt finare for kvart år. No har han vore heilt eineståande stor og flott i kvaliteten, seier Årdal.

Drøymer om storfangsten

Hovudsesongen for fiske i vatnet er mellom 10. august og 15. september, då ved bruk av flytegarn. Vidar Taklo brukar mykje tid i båten, som han sjøset tidleg om morgonen. Og sjølv om fangsten er eit godt bidrag til lommeboka, så er det ikkje det som driv han.

– Draumen om den store er det som driv oss, den verkeleg store. Første dagen fekk vi ein på 2,1 kilo, og er rekna med at i år skal vi få den, men det var med den, fortel fiskaren som i fjor drog i land 83 kilo aure, berre på ein dag i fjor.

Til no i år er dei største fiskane som har kome på land vore mellom to og tre kilo. Aurefiske i Jølstravatnet, som er rekna som eit av landets beste aurevatn, har lange tradisjonar.

– Det er ikkje noko vatn eller innsjø i heile Europa det blir teke ut like mykje aure, fortel Årdal.

Skal det halde fram må ein også klare å forvalte fiskestammen på best mogleg vis.

– For oss handlar det om å ta ut passeleg mengde på kvar årgang, så det ikkje blir for mykje fisk. Det er det største problemet vi har i vatn her på Vestlandet, for då går kvaliteten fort ned, seier Årdal.