Hopp til innhold

Dei har tipsa som kan gje deg fiskelukke

Tusen fiskarar konkurrerer i helga om å lande den største, dei fleste og akkuratt DEN rette jølstraauren. Her er tipsa som kan gje deg eit godt utgangspunkt.

Finn Årdal og Egil Tefre

GODE TIPS: Den største auren som er fanga på stang i Jølstravatnet er 12,1 kilo. Egil Tefre (t.h.) og Finn Årdal trur det er råd å fange fleire slike sluggerar i vatnet. – Men dei er ikkje veldig mange, og dei er vanskelege å få. Ein må ha godt utstyr, vere ein god fiskar og ha litt flaks, seier Årdal.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Egil Tefre ved Jølvassbu camping på Vassenden er over snittet interessert i fisket. Og var onsdag kveld mellom dei 966 som var påmeldt då arrangørane av Jølster Aurefest stengde nettpåmeldinga.

Han siktar seg inn på ein aure på 469,5 gram.

– Den gode fiskeplassen er hemmelegstempla, men gjer ein kan leggje eit godt grunnlag for å få fisk. Kor stor den blir, er tilfeldig, legg Tefre til.

Dei gode tipsa

Torgeir Pettersen vann Aurefiskefestivalen

VANN I FJOR: Det var strålande vêr då Torgeir Pettersen stakk av med hovudpremien under fjorårets Aurefestival.

Foto: Findriv

Det er andre året på rad at jølstringane arrangerer Aurefest. Medan fleire tusen fiskarar og tilskodarar samla seg rundt Jølstravatnet i 1958, deltok 708 fiskarar i fjor.

Og sjansane for å lande fisk er gode i vatnet som vert rekna som eit av dei beste fiskevatna i Europa. Om ein gjer dei rette tinga...

– Ein må ha rett utstyr. Ei god stang, ei snelle, godt snøre og ein sluk. Det må vere ein vårfisketype, anten blank og raud eller brun og raud. Eit godt kast, la sluken synke til botn og hent den sakte, men pent, og i litt ujamn fart og litt napping, inn att, fortel Tefre.

Hemmelege plassar

Juryleiar Finn Årdal nikkar samtykkande til tipsa, og legg til følgjande råd til valet av fiskeplass:

– Fisken går mot land når temperaturen går opp. Då kan du få fisk frå land rundt heile Jølstravatnet. Tradisjonelt er elveosane og der smågrøver kjem ut i vatnet, gode. Men det varierer etter vassføring og temperatur, seier han.

34 ledige plassar

Det blir nok heilt sikkert kamp om plassane laurdag, når 1 000 fiskarar prøver fiskelukka i det langstrakte vatnet. Arrangørane lokkar med premiar av ulike slag. I år er det ei idealvekt på fisken som avgjer kven som vinn bilen. Det er også ei rekkje pengepremiar.

Med eit tak på 1 000 deltakarar, er det framleis 34 ledige plassar til laurdag. Årdal gler seg til fiskarane kastar ut snøret.

– Det er eldig kjekt. Vi har det beste aurevatnet i Norge, og truleg i Europa her. Vi skulle blitt mykje flinkare til å marknadsføre det, for det er plass til mange fleire fiskarar. Og det er fisk til alle. Her kan ein kaste ut, ta opp og ete med godt samvit, seier han.

Aure på 12,1 kilo

– Fisken må vere fiska mellom klokka 12 og 15 den dagen. Eg kjem til å sjekke at det ikkje er gamal fisk, eller fisk teken på garn, seier Årdal som sjølv er yrkesfiskar.

– Kvifor er det eit så godt fiskevatn?

– Gode gyteforhold og god aurestamme, men vi har også hatt eit godt næringsfiske over generasjonar. Samstundes er det streng regulering for å ta ut passeleg mengde fisk kvart år. Då held ein den jamne og flotte kvaliteten som Jølstraauren er kjend for.