Hopp til innhold

– Dei fleste er i stand til å skaffe seg ein passasjer

85 prosent av dei som passerer bomringen i Bergen i dag køyrer aleine. Dette talet kan no gå ned – for som første by i Europa vil Bergen påskjønne bilistar som tar med seg passasjerar.

Warloe

SAMKØYRING: Henning Warloe, byråd for byutvikling er villig til å påskjønne dei som ikkje køyrer åleine.

Foto: Christian Kråkenes

– Samkøyring er kollektivtransport i liten skala, seier Henning Warloe, byråd for byutvikling.

Byråden har invitert oss med for å vise kva han trur blir framtida. Med ein app ber han om skyss inn til Bergen sentrum. Han vil at folk skal sitje på med kvarandre, og er villig til å påskjønne dei som ikkje køyrer åleine.

– Vi må kunne love at du slepp å betale køpris om du har passasjerar, og eg trur dei aller fleste er i stand til å skaffe seg vertfall ein passasjer, seier Warloe.

Kostar ekstra å passere

For å få ned trafikken har bergenspolitikarane vedteke at det skal koste 21 kroner ekstra å passere bomringen i rushtida. Kanskje kan du sleppe heile rushtidsavgifta om du tek på ein passasjer.

Kristian Amlie

TEKNOLOGIEN ER DER: – Det er ikkje vanskeleg og det har vore prøvd før, seier Kristian Amlie, samkøyringsekspert i Carma.

Foto: Christian Kråkenes

– Sjølvsagt hadde eg tatt med meg framande folk, seier ein forbipasserande.

– Og om eg visste at det var eit system som var trygt, så trur eg at eg hadde gjort det, seier ein annan.

– Ja, eg trur vi er nøydd til å byrja med samkøyring, legg ein annan bilist til.

Vil utvikle ein app

Fleire opposisjonsparti seier dei er positive til forslaget. Bergenspolitikarane vil no utvikle ein app der folk kan registrere om dei køyrer saman med nokon. Ekspertane meiner teknologien allereie finst.

– Det er ikkje vanskeleg og det har vore prøvd før. Det som er vanskeleg er åtferdsendringa. Folk må forstå korleis det går føre seg og prøve det først, seier Kristian Amlie, samkøyringsekspert i Carma.

Første europeiske byen

Liknande ordningar finst i amerikanske byar. Om byråden får det som han vil vert Bergen om eit år den første europeiske byen som påskjønne samkøyring.

– Ved å gje folk ein reel moglegheit til å la vere å betale og sleppe å betale køpris, så får vi ei samkøyring av både pisk og gulrot som forhåpentlegvis slår mykje ut på trafikken, seier Warloe.

Om teknologien fungerer vil ordninga starte om eitt år.