Hopp til innhold

No er alt klart for køprising i Bergen

Motstandarane tapte den interne kampen i Høgre. No er kommunen og fylket einige om at ein bompassering skal kosta 45 kroner i rushtida i Bergen.

Tett trafikk over Danmarksplass

AUKAR PRISANE: Politikarane i Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune er einige om å skru prisen opp til 45 kroner for kvar bompassering mellom klokka 6.30 og 9.00 og 14.30 og 16.30.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Etter at Høgre sine byrådar i Bergen slutta seg til å innføra køprising i Bergen, har partikollegaane i fylkespolitikken vore alt anna enn samstemte.

I samferdsleutvalet røysta Høgre imot forslaget om å innføra køprising, noko som blei dårleg tatt imot hjå partikollegaane i Bergen. I fylkesutvalet røysta partiet først imot, og deretter for det restriktive trafikktiltaket.

Då saka tysdag skulle opp i fylkestinget, hadde Høgre bestemt seg for å fristilla representantane sine.

Delt høgregruppe då fylkestinget gjekk inn for køprising

SPLITTA: Høgre si fylkestingsgruppe greidde ikkje å komma fram til ein samla konklusjon i spørsmålet om køprising. Åtte av partiet sine 17 representantar reiste seg og røysta imot forslaget.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vanskeleg sak

– Dette ligg i ryggmargen vår. Det har vore ei vanskeleg sak for oss, og det er framleis ei vanskeleg sak for oss. Derfor ber eg om respekt for at me fristiller representantane, sa Høgre sin gruppeleiar Møna Røsvik Strømme.

Den konklusjonen møtte ikkje særleg begeistring hjå Pål Kårbø i Kristeleg Folkeparti:

– Her meiner eg Høgre burde ha lytta til sine eigne i Bergen. Eg synest faktisk Høgre burde vore med på å ta dette ansvaret, og stå samla i denne saka, sa KrF-representanten.

Frå talarstolen heldt Høgre-representantane innlegg som både støtta og åtvara mot å gå inn for køprising.

Til Stortinget

Totalt gjekk 41 fylkestingsrepresentantar inn for køprising, medan åtte frå Høgre og Frp sine åtte representantar røysta imot.

Dermed har Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune gjort likelydande vedtak, og saka kan sendast til Stortinget for godkjenning.

Politikarane legg opp til å skru prisen opp til 45 kroner for kvar bompassering mellom klokka 6.30 og 9.00 kvar morgon og 14.30 og 16.30 kvar ettemiddag.

Elles på døgnet blir prisen redusert til 19 kroner.

Fylkestinget går òg inn for at fylkesrådmannen raskt må komma på bana med ein plan som kan styrka kollektivtrafikken når ordninga vert innført.

– Usosialt

Den sosiale dimensjonen knytt til køprising fekk temperaturen til å stiga i debatten.

– Effekten på miljøet er på null til tre prosent. Når det gjeld framkommelegheit er effekten litt større. Utfordringa er dei sosiale effektane. Derfor er eg veldig glad for at me held på den sosiale profilen i denne saka, og går i mot rushtidsavgift, sa Terje Søviknes (Frp).

Dette fekk Nils Olav Nøss frå Arbeidarpartiet til å reagera:

– Det er feil å stå her å påstå at køprising er usosialt. Det er først og fremst rike menn som køyrer åleine til jobb som vert ramma av dette, sa Nøss.

LES OGSÅ: Så effektivt har køprising vært