Hopp til innhold

Marte blei sperra inne på celle med rasande klient

Nesten halvparten av advokatane har opplevd vald, truslar, aggresjon og trakassering, viser ny undersøking.

Forsvarer Marte Svarstad Brodtkorb

Marte Svarstad Brodtkorb sat innelåst i eit rom på Oslo tinghus med ein mann som var ute av seg. Ho meiner han skulle ha vore på legevakten, ikkje i retten.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Torsdag vart det kjend at Elden advokatfirma har politimeld ei lang rekke truslar etter at Gulating lagmannsrett sist fredag frikjende deira to klientar i den mykje omtala gruppevaldtektsaka i Bergen.

Og slike hendingar vert det stadig fleire av, viser ny undersøking frå den norske advokatforeininga.

44 prosent av advokatane som svarte, oppgir å ha hatt minst éi oppleving med fysisk aggresjon, truande åtferd, verbal aggresjon eller trakassering dei siste to åra.

Ei av dei som har opplevd dette er advokat Marte Svarstad Brodtkorb.

For nokre år sidan skulle ho nemleg møte ein av sine klientar i ei celle i kjellaren på Oslo tinghus.

Ho kjente han godt, og hadde representert han fleire gonger tidlegare.

Brodtkorb gjekk inn. Bak ho vart døra låst.

Inne på rommet fortalde advokaten at klienten skulle bli framstilt for varetektsfengsling.

Påstanden skulle vere fire veker.

Vart sint

– Han var stressa og vart veldig sint då han høyrde kva politiet ville gjere, og kva dei ville be om i tingretten, seier advokaten.

Han tok telefonen hennar og kasta den rett i andletet på henne. Deretter hamna telefonen på golvet.

– Så prøvde eg å ta den for å ringe etter hjelp, men då tok han den på ny og kasta på meg, fortel ho.

Ho ville ikkje visa at ho tilkalla hjelp, og unngjekk difor å utløysa alarmen.

– Til slutt fekk eg kontakt med arrestforsvararen, og kom meg ut, seier ho.

Les også Fornærmet i overgrepssak: – Jeg følte meg som James Bond

dagbok, rettssak

Elden: – Ganske håplaust

John Christian Elden kjenner seg att i biletet som spørjeundersøkinga til Advokatforeininga gir.

Nesten 1400 advokatar og advokatfullmektigar svarte på undersøkinga. Det svarer til 15 prosent av dei som fekk tilsendt spørsmåla.

– Eg ville svart ja på det på spørsmål i dag. Det er ganske håplaust når advokatar som gjer ein jobb for personar i samfunnet, som dei er sette til å gjere, argumentere for klientane sitt syn, blir utsette for truslar for å gjere jobben sin. Då er vi ein feil stad, seier han til NRK.

John Christian Elden

John Christian Elden er kjent forsvarsadvokat. Han melder alltid truslar til politiet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kor ofte opplever du eller klientane dine truslar?

– Det er heldigvis svært sjeldan, og kanskje særleg i ei sak der klienten er frifunnen, etter at retten har prøvd saka fullt ut.

– Melder de alltid slikt til politiet?

– Vi melder det alltid viss det er snakk om truslar. Vi melder naturlegvis ikkje det som går på ytringar og vurderingar.

Har innført tryggingstiltak

Anders Brosveet, managing partnar i Elden Advokatfirma, meiner situasjonen har vorte meir krevjande dei siste åra.

– At klientar og motpartar kan seia ting i affekt i ein vanskeleg situasjon er ein godt van med. Men det er noko heilt anna når «mannen» i gata sett fram sjikane og truslar i det offentlege rom og gjerne i sosiale medium, seier han.

Dei har mellom anna ført til at dei har innført strengare tryggingstiltak i og rundt sine medarbeidarar.

– Å trua eller sjikanera aktørar i rettsvesenet, som ein advokat, kan verte straffa med fengsel i inntil 6 år, i grove tilfelle inntil 10 år, seier han.

Seinast denne veka vart ein mann i slutten av 40-åra varetektsfengsla i fire veker av Østre Innlandet tingrett.

Sikta mellom anna for truslar mot aktørar innan rettsvesenet.

Les også Støttedemonstrasjonar for valdtektsoffer fleire stader i landet: – Samfunnet har vakna

Demonstrasjon til støtte for valdtektsoffer i Bergen

Ikkje skremd

Brodtkorb fortel at hendinga på tinghuset vart opplevd som dramatisk. Men det har ikkje skremd ho frå å vere advokat.

Resultatet frå møtet vart ein blåveis og ein mørbanka kropp.

Når ein jobbar med strafferett møter ein folk i krise og som er under eit enormt press. Når eg valte å verte forsvarsadvokat inngjekk eg ein avtale med staten om å representera også folk som har desse utfordringane, seier ho.

Likevel, no er ho meir merksam på om døra er låst eller open når ho møter klientar.

Psykisk helse er meir framståande no enn tidlegare. Det verkar som det er enklare å setja folk i varetekt enn å gje dei behandling for sine utfordringa, seier ho.

Mannen som heiv telefonen på ho vart dømt for forholdet.

Brodtkorb er ikkje lenger hans forsvarar.