Hopp til innhold

Dømd for å ha prøvd å valdta Marta (90)

Mannen som var tiltalt for å ha prøvd å valdta Marta Alvilda Sandal, er dømt til tre års fengsel.

Marta Alvilda Sandal 90 skal ha blitt forsøkt valdteken og drepen av ein mann i 30- åra. rettsak i sogn og fjordane tingrett.

90 år gamle Marta Alvilda Sandal døydde få månader etter at ho vart forsøkt valdteken i sin eigen heim i Gulen.

Foto: privat

Hendinga skjedde 11. juni i Gulen kommune i fjor sommar.

Den nær 91 år gamle kvinna vakna av at det stod ein naken mann framfor senga hennar. Han prøvde å dra av henne dyne og nattkjole, og haldt henne framfor ansiktet så ho ikkje fekk puste. Han truga også fleire gonger med å drepe henne.

Men Sandal kjempa imot og fekk sparka mannen «der det gjorde mest vondt».

Les også Mann tiltalt: Skal ha prøvd å valdta og drepe Marta (90)

Marta Alvilda Sandal 90 skal ha blitt forsøkt valdteken og drepen av ein mann i 30- åra. rettsak i sogn og fjordane tingrett.

Nekta skuld- blei ikkje trudd

Ho fekk varsla om hjelp og etter kvart kom naboar og andre til. Dei fekk kontroll over mannen. 35-åringen var i Gulen på jobbreise denne helga, men deltok på eit arrangement.

Mannen var tiltalt for å ha prøvd å valdta og drepe kvinna, samt for å ha teke seg inn i heimen hennar.

35-åringen hevda sjølv at han oppsøkte huset til Sandal fordi han blei forfølgt av ein gjeng som ville banke han opp. 35-åringen sleit med å hugse kva som skjedde den aktuelle kvelden og morgonen, men nekta for at han hadde gjort noko gale.

Han forklarte at han var rusa på kokain og alkohol då hendinga skjedde, men dette hadde ikkje noko å seie for utfallet av dommen.

Retten festa ikkje lit til forklaringa til mannen, som endra forklaring fleire gonger undervegs.

– Svært grundig og god dom

Retten vurderer derimot fornærma si forklaring som truverdig.

Dei er ikkje i tvil om at den tiltalte prøvde å tvinge seg til seksuell omgang og ser «svært alvorleg på valdtektsforsøket».

Ingrid Aksnes er støtteadvokat for kvinna, som døydde få månader etter hendinga. I retten blei dei tilrettelagde avhøyra av fornærma spelte av.

Advokat Ingrid Aksnes

Ingrid Aksnes er støtteadvokat for Marta Alvilda Sandal. Aksnes er nøgd med dommen og meiner den er svært grundig og god.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Etter mitt syn er dommen svært grundig og god. Det er ei særs alvorleg sak med skjerpa omstende som tilsa at det blei ein skjerpa straff, seier Aksnes.

Aktor la ned påstand om 2 år og ti månader fengselsstraff, men Sogn og Fjordane tingrett skjerpa altså dette med ytterlegare to månader.

Retten meiner det er «noko for mildt», sidan mannen også braut seg inn i huset til fornærma.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem 303 dagar som mannen har sete i varetekt.

Eg er veldig nøgd med dette, seier Aksnes, som håper dommen blir ståande av omsyn til familien.

Dei har behov for å setje eit endeleg punktum for ei sak som har vore veldig vond for dei.

I dommen kjem det fram at retten festa lit til forklaringa til fornærma.

Det er godt å konstatere, synest eg. Det er ei riktig vurdering. Det står også i dommen at forklaring er truverdig og påliteleg på alle måtar, seier Aksnes.

I det samla bevisbildet legg retten mellom anna vekt på at mannen til tider var ustabil og aggressiv utanfor huset til Sandal etter hendinga. Under ein fest tidlegare på kvelden tok han folk på rumpa og spurte ein forbipasserande mann om dei skulle ha sex.

Dottera: – Ei oppreising

Retten skriv at fornærma var fysisk svak og hadde hjarteproblem. Ho låg åleine i senga si då hendinga skjedde, og blei sterkt prega etterpå. At mannen brukte vald og trugslar mot ei forsvarslaus kvinne på nattetid, er også skjerpande, skriv retten.

Dottera til Marta, Ingalill Sandal, er letta over dommen.

ingalill sandal

Marta Alvilda Sandal sin familie er letta over dommen som kom i dag. – Det var godt å sjå at mor blei trudd i alt ho forklarte, seier Ingalill Sandal, dottera til Marta.

Foto: steinar lote / nrk

Ho synest det var godt å sjå at mora og dei andre vitna blei høyrde og trudd på alle punkt.

Ho fekk ei slags oppreising sidan forklaringa hennar blei vektlagt såpass tungt. Vi skulle ønske at ho sjølv hadde opplevd at ho blei trudd på alt, seier Sandal.

I retten skildra ho korleis den mannen tok tryggleiken frå mora. Ho var sterkt prega av hendinga heilt fram til ho døydde i fjor haust.

Ingalill Sandal seier det har vore ei tøff ventetid for heile familien, både fram mot rettssaka og mot dommen.

Ho håper dommen blir ståande og at den ikkje blir anka.

Det blir ei ny belasting dersom det skjer, men det kan vi ikkje forhalde oss til no, seier Sandal.

NRK har førebels ikkje lukkast å få tak i Abdelilah Saeme, forsvararen til mannen.

NRK anbefaler