Hopp til innhold

Får flytte tilbake etter flaumen – ein bustad framleis avstengt

Politiet evakuerte 14 husstandar etter at ein bekk blei til ei flaumstor elv i Orkland.

Flaum Løkken Verk.

14 HUS EVAKUERT: Politiet har evakuert hus i faresona ved Løkken Verk i Trøndelag.

Foto: John J. Storholt

Onsdag føremiddag fekk 13 husstandar flytte heim igjen, eit hus er framleis avstengt.

Personane som bur i det siste huset får ikkje flytte heim før tidlegast på torsdag.

Politiet og Orkland kommune hadde eit informasjonsmøte med dei råka onsdag føremiddag.

– Korleis synest dei evakuerte natta har vore?

– Dei synest at det har gått veldig greitt. Dei har vore tatt godt vare på her på Bårdshaug Herregård og hos slekt og vener, for dei som har overnatta der. Dei er glade det har gått så bra, og at ingen har blitt skada.

Det seier politistasjonssjefen i Orkdal, Tor Kristian Haugan.

Mykje regn i Trøndelag – fryktar hus kan bli tatt av overfløyming
Politiet evakuerer fleire hus i faresona etter at ein bekk har blitt flaumstor i Orkland.

Mykje regn i Trøndelag – fryktar hus kan bli tatt av overfløyming Politiet evakuerer fleire hus i faresona etter at ein bekk har blitt flaumstor i Orkland.

Måtte evakuere

Etter at ein bekk blei flauma over på Løkken Verk i Orkland, måtte 14 husstandar evakuere.

Første prioritet for oss er å sørge for at folk ikkje er i faresona. Det er enorme mengder vatn.

Det sa operasjonsleiar Svein Erik Wagnild i Trøndelag politidistrikt tysdag kveld.

Politiet anslo først at 12 hus hadde blitt evakuerte, nedjusterte til ti og oppjusterte til 14 hus like før midnatt.

– Alle personane er gjort greie for, så me har kontroll på alle som tilhøyrer dei evakuerte husstandane, seier operasjonsleiar Ketil Stene.

Ein liten bekk har gjort store skadar

Ein geolog jobba på staden natt til onsdag for å få oversikt over øydeleggingane. Politi og brannvesen var også på staden gjennom natta.

Sjølv om vatnet er på veg tilbake, er bustadane framleis evakuerte.

– Det er fordi me må få oversikt. Og dei må få mogelegheit til å bruke infrastruktur, som veg, for å kome seg heim att, forklarar Wagnild.

Første prioritet var å få folk vekk, no må infrastrukturen reddast.

– Om lag klokka 18.10 blei eg ringt opp på vakttelefonen av ein fortvila bilist som sa at det var fullstendig krise på fylkesvegen.

Det seier utrykkingsleiar i Orkland Brann og Redning, Snorre Hellesvik.

– Bekken gjekk over, tok med seg vegmassane og grov fram ein høgspentkabel. Vatnet sto langt opp på veggane på industriområdet. Det er vatn i kjellarane i husa som er evakuerte, legg han til.

Snorre Hellesvik, utrykkingsleiar i Orkland Brann og Redning foran en ødelagt vei ved Løkken verk.

Utrykkingsleiar Snorre Hellesvik i Orkland Brann og Redning slo full alarm då han såg vassmassane.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Innsatsleiar på staden Roger Gustafson seier at politiet ønsker at ein geolog skal vurdere kva tid vegen kan opne.

– Førebels er vegen steng forbi staden der bekken har flauma over. Det er uvisst kor lenge det blir stengd. Me ønsker at ein geolog skal seie noko om det.

Vegen blir mest sannsynleg stengt til torsdag morgon.

Politiet fryktar ikkje at hus skal bli tatt med av flaumen.

– Det me fryktar no er tilstanden på veg og infrastruktur. Straumleidningar heng, vegen er utgraven, seier Wagnild.

I tillegg trur han det er ein del kjellarar som er fulle av vatn i dei evakuerte husa.

Det er ingen hus som står heilt under vatn, men ein del hus som har fått vatn heilt innpå trappa. Sannsynlegvis vil det vere litt skadar på hus og heim, legg han til.

Store ødeleggelser ved Løkken Verk i Orkland.

Entreprenørar jobbar med å lage stikkrenner for å få unna vatnet.

Foto: John J. Storholt

– Eg er redd

Ei av dei som bur like ved og fekk beskjed om at ho kunne bli evakuert, er Astrid Krangsås.

– Eg er redd. Dette er skummelt, seier ho.

Sidan vassmassane har begynt å minke slapp Krangsås å evakuere.

– Heldigvis har dette gått bra, legg Krangsås til.

skader etter flom ved Løkken Verk i Orkland kommune, Trøndelag.

Vegen inn til bustadhus er totalskadd etter flaumen.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Kommunale ressursar, entreprenør og brannvesenet er på staden i tillegg til politiet.

– Me har oppretta eit evakueringssenter på Bådshaug herregard. Der blir dei evakuerte tatt imot og me har folk frå kriseteamet der som tar vare på dei.

Det seier ordførar Hanne Nyhus som fortel at kommunen har sett krisestab. Dei som har behov får overnatte på evakueringssenteret.

Heile fylkesveg 700 ved Løkken Verk er stengt og blir graven vekk av vassmassane. Omkøyring via Storås på fylkesveg 65 og fylkesveg 701.

Måtte informere andre bilistar

Kristine Løfshus Solli var på veg heim då ho plutseleg møtte på fleire bilar som stod stille på vegbana.

– Eg tenkte berre «kva skjer her?». Det var heilt sjuke mengder med vatn over vegen, seier ho.

Ho fortel at vatnet som kom hadde drege med seg fleire tre, og at det var fare for at bilar kunne bli trefte.

– Naudetatane hadde ikkje kome enno, så eg blei ståande og informere dei andre bilane som kom.

Solli seier dei hadde flaum for nokre år tilbake også, men aldri den her tida på året. Ho er spent på kor mykje av vegen som er igjen etter flaumen.

Bekken langs fylkesveg 700 i Orkland

Den flaumstore bekken har tatt med seg fleire tre, øydelagd autovern og fylkesveg 700.

Foto: John Johnsen Storholt

Ras stengde vegen til Røros

Det kraftige regnet førte også til at eit steinras sperra fylkesveg 30 ved Kotsøy like sør for Støren i Midtre Gauldal i Trøndelag.

Klokka 11.30 onsdag 19. juni var vegen rydda og opna igjen.

Ingen bilar eller personar er ramma av raset.

Omkøyring på riksveg 3 via Tynset eller fylkesveg 705 via Selbu.

Fylkesveg 30 til Røros er sperra i begge retningar.

Fylkesveg 30 til Røros er sperra i begge retningar.

Farevarsel om svært kraftig styrtregn og mykje lyn

Meteorologisk institutt sende tysdag ut gult farevarsel om svært kraftig styrtregn og mykje lyn for delar av Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland.

Torevêr kan føre med seg lokale kraftige regnbyer, som kan føre til lokale overfløymingar, vanskelege køyreforhold og vassplaning. Meteorologisk institutt anbefalte mellom anna å kople frå elektriske apparat og å køyre etter forholda.

Bildet viser gult farevarsel for lyn over deler av Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland

Farevarsel frå Meteorologisk institutt.

Foto: meterologisk institutt