– Det var ei grufull oppleving. Eg slåst for livet mitt, sa den no avdøde kvinna i eit tilrettelagt avhøyr etter hendinga i Gulen kommune i Vestland 11. juni i fjor.
Marta Alvilda Sandal døydde tre månader etter hendinga, men avhøyret blei spelt av i rettssaka som starta denne veka i Sogn og Fjordane tingrett.
Ein 35-åring er tiltalt, men han nektar straffskuld.
Advokat: – Særs grovt og krenkande
– Det er snakk om eit brutalt angrep på fornærma i hennar eigen heim. Særskilt i lys av hennar høge alder, så står saka fram som veldig grov og krenkande, seier Sandal sin bistandsadvokat, Ingrid Aksnes.
På grunn av den høge alderen til Sandal, blei det teke tilrettelagde avhøyr av henne etter hendinga. Desse blei spelt av i retten.
Med roleg og klår røyst forklarte Sandal seg om korleis ho brått vakna like etter klokka 5 ein søndag morgon.
Rett framfor senga hennar stod ein naken mann. Han skal ha prøvd å dra av henne dyna og nattkjolen. Han skal også ha teke på kjønnsorganet hennar, ifølgje forklaringa.
– Då blei eg hysterisk, forklarte Sandal, som var sikker på at han ville valdta henne.
Ho gjorde motstand og beit mannen, men 35-åringen skal då ha blitt rasande og halde henne for nasen og munnen hennar så ho mista pusten.
Han skal også ha teke kvelartak.
– Eg følte eg skulle døy, sa kvinna, som fekk sparka til mannen så hardt at ho fekk att pusten.
Det er ikkje lagt fram DNA-bevis i retten.
Mannen skal også ha truga henne fleire gonger med å drepe henne, forklarte ho.
Sandal greidde å varsle naboar og utløyse tryggleiksalarmen. Ho ropte også ut av eit ope vindauge, og sa at ho blei så sint for at mannen hadde teke seg inn i heimen hennar.
Kort tid etter kom ein nabo til, og seinare naudetatane.
Tiltalt: Nektar for å ha gjort noko gale
Den tiltalte mannen forklarte seg i tingretten tysdag, og nekta for å ha gjort noko gale.
Han bur til vanleg på Austlandet, men var i fjor sommar på jobb i Gulen.
Forsvararen til mannen, Abdelilah Saeme, seier dei ikkje er samde om at mannen ville skaffe seg seksuell omgang med kvinna.
Mannen var på eit arrangement i bygda kvelden før, og enda opp på nachspiel som lenge var hyggeleg.
Men så snudde det, og mannen forklarte at tre menn banka han opp. Han blei svært redd og forklarte at han fekk flashback frå ei tidlegare valdshendinga han blei utsett for.
Han seier han flykta, men at dei tre kom etter han i ein bil. Difor sprang han til eit hus for å skaffe seg hjelp, og det var slik han kom til huset til Sandal.
Mannen forklarte at han bad henne om hjelp, og at det ikkje var snakk om at han prøvde å drepe eller valdta henne.
– Eg har aldri vore valdeleg mot kvinner, sa han.
Tiltalte sa det var mykje han ikkje hugsa frå natta. Han forklarte at han hadde drukke mykje og teke kokain.
Mellom anna greidde han ikkje forklare kvifor han var naken inne i huset til fornærma, men trudde det var fordi kleda hans var våte.
Dottera: – Han stal tryggleiken hennar
Ingalill Sandal er dottera til Marta Alvilda Sandal.
Ho har forklart seg om korleis hendinga påverka mora, som trass sin høge alder, var ved relativt god helse og budde åleine.
– Ho sa at han stal tryggleiken frå henne. Ho hadde aldri vore mørkeredd, men no blei ho skvetten, sårbar, og sjekka dør og vindauge heile tida, seier Ingalill Sandal.
Turte ikkje nærme seg huset
Ein nabo vitna i retten. Ho jobbar i tillegg i heimetenesta og rykte ut då fornærma utløyste tryggleiksalarmen.
Naboen forklarte at ho såg ein sint og naken mann ute på tunet til fornærma som prøvde å kome seg inn i huset.
Ho blei veldig redd. Ho kontakta politiet og turte ikkje nærme seg huset.
I retten vitna også ein mann frå bygda. Han var på nachspiel med tiltalte laurdagskvelden, og forklarte at han blei svært klengete etter kvart.
Dei bad han difor om å reise frå staden, men nektar for at mannen blei banka opp eller følgt etter.
Ei politikvinne som rykte ut søndagsmorgonen, forklarte at mannen nekta for valdtekta. Han sa derimot at fornærma og ei anna eldre dame i huset, ville ha sex med han, men at han avviste dette.