Hopp til innhold

230.000 elevar i klasserom med dårleg luft

Inneklimaet er dårleg på 40 prosent av norske skular, viser ei kartlegging. – Vi treng ei nasjonal oppvakning på kor dårleg tilstanden er, meiner Foreldreutvalet for grunnopplæringa.

Eit av fleire trange grupperom i skulebygningen frå 1964.

TRONGT: Delar av Sande skule er frå 1964, og er ikkje tilpassa behova ved skulen, seier Gunvor Marie Bjørvik i elevrådet.

Foto: Eva Marie Felde

Sidan 1995 har ny skule stått høgt på ynskjelista i Sande i Sunnfjord. Då kom ei liste på 33 punkt som måtte utbetrast.

Frå skulen kom på plass i 1964 har den vorte flikka på i sju rundar.

– Elevane og lærarane frys om vinteren og kokar om sommaren. Dei har musefeller i klasseromma sine. Det er ikkje verdig, seier leiar i foreldreutvalet ved skulen, Kristine Folland.

- Vi er framleis mange som har vondt i hovudet nesten kvar dag på skulen, fordi lufta er så tung. Lærarane snakkar om sopp, råte, asbest og mugg – utan at vi heilt veit kva det betyr.

Facebookinnlegg fau-leiar Sande skule

Sjølv om politikarane truleg vil løyve 140 millionar kroner til nybygg og utbetringar, så er ho redd det ikkje er nok. Ho fryktar det blir nye rundar med flikking.

Inne på Sande skule er det sett opp musefeller.

MUSEFELLER: Både mus og maur er eit tilbakevendande problem på Sande skule i Sunnfjord.

Foto: Privat

– Lite har skjedd

Manglande vedlikehald og gamal bygningsmasse er ei stor utfordring over heile landet. I Hadsel i Norland vurderer politikarane å flytte elevane inn på aldersheimen.

Ei oversikt utarbeidd av Rådgivende Ingeniørers Forening i 2021 synte at over 1000 skular, altså 40 prosent av skulane har dårleg inneklima.

Sidan då har lite skjedd, meiner det nasjonale organet for foreldreutval i grunnskule og vidaregåande skule, FUG.

– Det er stor grunn til uro. Vi treng ei nasjonal oppvakning på kor dårleg tilstanden er på skulebygg rundt om i heile Noreg. Vi føler ein lyttar til problemet, men så blir det lagt langt ned i bunken igjen, seier leiaren i FUG, Marius Chramer.

Les også Ny rapport: Fire av ti skular har for dårleg inneklima

Elevar på Hyen barne- og ungdomsskule.

Har gitt pengar til kommunane

Kunnskapspartementet skriv i ein e-post at dei ynskjer å satse på ein sterkare fellesskule, og at ein viktig kommuneøkonomi er viktig for å få det til i praksis.

– Vi la inn 2,7 milliardar kroner meir enn kva Solberg-regjeringa føreslo, og til saman får kommunane 4,7 milliardar kroner meir i frie inntekter i 2022, skriv statssekretær Halvard Hølleland.

Bergen kommune var tidlegare ein av kommunane med størst etterslep på vedlikehald av skular.

I 2011 stengde Arbeidstilsynet fleire skular.

– Det vi har gjort er å pusse opp mange skular, vi har bygga erstatningsbygg som kan brukast under oppussing og så har vi sett av meir pengar i budsjettet til vedlikehald, slik at vi kan unngå å hamne i same situasjon igjen, seier skulebyråd i Bergen kommune Linn Katrin Pilskog.

I valfag målar dei veggar og pussar opp skulen.

LA STÅ: Veggen er nymåla, for å gjere det trivelegare på Sande skule. Håpet er likevel at alle bygga som er komne opp frå 1964 og før 2013 skal rivast.

Foto: Eva Marie Felde

– Burde brukt meir på vedlikehald

I Sunnfjord er ordførar Jenny Følling klar på at Sande skule har venta lenge nok, og at 140 millionar ein god start.

17. juni skal politikarane bestemme seg for kor stor pott som skal gå til nybygg og opprusting.

– Eg trur vi generelt burde brukt meir på vedlikehald av skulane. Men det er ein evig kamp i kommunane om å få pengane til å strekke til, seier Følling.

- Vi ventar framleis med å gå på do til vi kjem heim, fordi det er så ekkelt å gå på skulen.

Facebookinnlegg frå fau-leiar Kristine Folland

Sande skule hadde sist opprusting i 2013. Då kom ein ny idrettshall, og nokre nye klasserom. Men heller ikkje desse klasseromma fungerer som dei skal, meiner FAU-leiaren.

Ho meiner kommunen må grave djupare i pengesekken, og bla opp minst 180 millionar kroner, slik at heile skulen kan bli ny.

– Det å kople saman gamle og nye ting har synt seg for oss å ikkje vere bra for elevane. Vi håpar dei vil gje så mykje pengar at vi får ein skule som held lenge, seier Folland.

leiar i oppvekstutvalet i Sunnfjord kommune, Norunn Lunde Furnes får to spadar frå elevar ved Sande skule.

SPADAR: Politikarane i Sunnfjord må stikke spaden i jorda no, meiner elevane frå Sande skule. Dei overleverte to spadar då oppvekstutvalet diskuterte saka 8. juni. 17. juni blir skjebnen avgjort.

Foto: Kristine Folland