– Russetida er noko folk ser veldig fram til, så det å begynne å planlegge no er litt spennande for framtida.
Elise Horne Kristiansen, elevrådsleiar ved Naustdal skule, seier både ho og andre på ungdomsskulen snakkar om russetida.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRKDette seier elevrådsleiar ved Naustdal skule i Vestland, Elise Horne Kristiansen. 10.-klassingen fortel at enkelte begynner å planlegge allereie på ungdomsskulen for å «vere sikker på at dei har nokon å vere med i russetida».
Men tidleg planlegging av russetida gjer også at enkelte andre hamnar utanfor allereie frå ungdomsskulen.
Planlegg seks år fram i tid
Det er grunnen til at Sunnfjord kommune og Viken fylkeskommune møter foreldre og ber dei om å snakke med ungdommane sine om russetida allereie i 8. klasse. Det er seks år før russefeiringa faktisk startar.
– Foreldra må vere klar over at russetida er noko ungdommane pratar om tidleg. Gruppedanningane skjer lenge før elevane er på vidaregåande, seier Tove Nedrebø.
Ho er utekontakt i Sunnfjord og fortel at det er ei oppmoding frå tidlegare russekull og elevar at dei snakkar med foreldra om russetida allereie på ungdomsskulen.
Eli Britt Danielsen, Tove Nedrebø og Lillian Vassbotn jobbar med ungdom i Sunnfjord. Dei påpeiker at ungdommar planlegg russetida lenge før foreldra er klar over det.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRK– Me må bevisstgjere ungdommane i forkant av russetida og i forkant av planlegginga, seier Lillian Vassbotn.
Oppmoding både i aust og vest
Fleire stader er ekskludering frå russemiljø og russegrupper eit problem. I Viken fylkeskommune vart prosjektet «Ei meir inkluderande russetid» starta etter tilbakemeldingar og ynskjer frå russen om å få til eit betre fellesskap.
– Dei fleste ser at det har vore vanskeleg med dei grupperingane som har skjedd og er litt fortvilte. Ungdommane lurer på korleis dei skal kome seg ut av den tradisjonen og heller få til det fellesskapet dei faktisk ynskjer seg, seier prosjektleiar Henrikke Bugdø-Aarseth.
Ekskludering kjem med russebussen
Sosiolog ved NTNU Samfunnsforsking, Marius Vigen, meiner ekskluderinga er ekstra tydeleg i russetida. Dette meiner han har kome med russebussen.
– Då utelivsbransjen stengde ute russen laga ungdommane russegrupper og starta russebussar. Forsøket på å regulere russetida førte dermed til at fleire vart ekskludert på grunn av plassavgrensing på bussen.
Russetida for nokon er veldig inkluderande, der ein går saman med gjengen sin og feirar i lag. Medan det for andre som ikkje får dette fellesskapet blir ståande utanfor med alt det medfører.
Sosiolog Marius Vigen trur fellesskapa i russetida fleire stader er avgrensa til russebussen og dei som får plass på den.
– Utanforskapen og ekskluderinga speglar samfunnet elles. Men i russetida blir det ekstra tydeleg gjennom sosiale media og bruk av symbol, til dømes russegenseren, kven som er med i gruppa og kven som står utanfor.
Då Vigen sjølv var russ i Trondheim i 2014 var det skulen som skapa fellesskap, mellom anna med ein felles russegenser for alle elevane.
Treng ein felles plass
Både prosjektleiaren i Viken, sosiologen og dei i Sunnfjord kommune, trur det å prate med ungdommane tidleg, kanskje allereie i åttande klasse, vil føre til ei meir inkluderande russetid.
– Me må alle spele på lag slik at ungdommane kan møtast på ein stad med plass til alle, slik at russebuss og russebil blir heilt unødvendig, seier prosjektleiaren i Viken.
Høyr episoden frå «Oppdatert»: Kva har skjedd med russetida?