Hopp til innhold

21 smitta ved Havyard: Returnerer arbeidarar i karantene til heimlanda sine

Skipsverftet Havyard opplever eit nytt utbrot etter at 12 nye personar har fått påvist koronasmitte. Hyllestad kommune vil no returnere arbeidarar utan symptom tilbake til heimlanda sine.

Havyard Verft, Hyllestad i Sogn

FLEIRE SMITTA: I løpet av helga har det blitt påvist fleire nye smitta ved verftet i Leirvik i Hyllestad.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Kommunen meiner at utbrotet er avgrensa, men på grunn av omfanget har dei sett krisestab og vil setje i verk tiltak i samråd med skipsverftet. Måndag kalla ordførar Kjell Eide (Ap) inn til pressekonferanse.

– Det er eit utbrot knytt til Havyard, og vi har hatt møte i kriseleiinga. 73 personar er i karantene, etter 12 positive prøveresultat søndag, sa Eide under pressekonferansen.

Kommunen vil no sende folk som sit i karantene men ikkje har symptom tilbake til heimlandea sine.

Alle smittetilfella kan sporast til verftet. Smittekjelda skal vere ein utanlandsk arbeidar som kom til Noreg 26. oktober.

– Han testa negativt på innreise, men positivt eit par dagar seinare, opplyste Eide under pressekonferansen.

Ordfører i Hyllestad Kjell Eide og smittevernoverlege Anette Ester

INFORMASJON: Ordførar Kjell Eide og smittevernoverlege Anette Ester orienterte i dag om situasjonen i Hyllestad.

Foto: Eirik Johnsen

Kommunen har raudt nivå, og vil derfor vere føre var.

– Idrettshallen blir stengt, og vi vil passe ekstra på ved omsorgsheimen. Skule og barnehagar blir opne som vanleg, seier han.

Kommunelegen granskar rutinane

Kommunen har også hatt møte med leiinga på Havyard.

– Dei tek det på alvor, men vi måtte sette oss i lag for å sjå kva vi gjer vidare no. Vi kan ikkje berre sleppe dette laust, seier han.

22 personar er no i isolasjon på verftsområdet. Også denne gongen er det importsmitte som har tatt viruset til Hyllestad.

– Det ser også ut som at smittespreiinga har skjedd inne på verftet der arbeidarane bur. Kommunen stiller derfor spørsmål ved om dei tilsette klarer å halde karantenen, seier Eide.

No er kommunelegen inne for å gjennomgå rutinane, og sjå om fleire tiltak på setjast i verk.

– Vi ser på om verftet for eksempel bør stengast i nokre dagar. Rutinane er endra sidan førre utbrot, og arbeidarane bur mellom anna på einerom, seier Eide som også legg til at kommunen er betre rusta til å takle eit større smitteutbrot no.

Ordførar Kjell Eide i Hyllestad.

BETRE RUSTA: Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide, seier dei no er betre rusta til å takle eit større smitteutbrot i den vesle kommunen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Ikkje overraskande

I helga blei det oppdaga seks nye smitta ved Havyard. Dei sat i innreisekarantene, og kom frå område med høg smitte. Alle med positiv prøve blei sett i isolasjon og nærkontaktar er i karantene.

Dei siste dagane er talet no oppe i om lag 21 smitta, seier ordføraren. Han seier utbrotet ikkje var heilt uventa.

– Det var vel ikkje overraskande at det kunne komme noko meir, men det er litt fleire smitta enn vi hadde håpa på, seier Eide.

Ved frisørsalongen til Erna Braastad i Leirvik har mykje av praten i dag vore om smitteutbrotet. Ho meiner det er trist at smitten har blussa opp att.

– Vi må stole på at Havyard har kontrollen, men det er trasig at det er endå fleire tilfelle av smitte. No følte vi at vi hadde kontroll, seier ho.

Høgt smittenivå

Verftet har vore hardt råka av koronasmitte frå utanlandske arbeidarar. Over 100 tilsette har testa positivt på covid-19 tidlegare i haust, og Hyllestad hadde hundre gongar raudt smittenivå.

Mange av dei tilsette bur i brakker, og fleire av dei isolerte blei flytta til eit hotell i Bergen.

Verftet har også har slite økonomisk ei tid, og tidlegare i november blei kom meldinga om at verftet nedbemannar og at over 100 tilsette kjem til å miste jobben det kommande året.

I kommunen med 1500 innbyggjarar, har over 700 personar vore i karantene på grunn av koronautbrot.