Hopp til innhold

Skipsverft sender tilsette til «karantenehotell» for å få kontroll på koronasmitten

HYLLESTAD (NRK): Scandic Sunnfjord Hotell i Førde tek no imot 60 tilsette frå skipsverftet Havyard. – Det er naturleg å hjelpe til i ein krevjande situasjon, seier ordføraren i Sunnfjord.

Scandic Sunnfjord Hotell

KARANTENE: På dette hotellet i Førde skal tilsette frå Havyard vere i karantene.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Måndag kom Hyllestad opp på over 100 gongar raudt smittenivå etter at over 50 av dei tilsette på skipsverftet Havyard i Ytre Sogn og nærkontaktar av desse, blei smitta av korona.

Tysdag kveld blei talet oppjustert med 24 personar til totalt 80 smitta personar. Onsdag er talet på smitta framleis 80.

  • 30 av desse er i isolat i Bergen
  • 40 er i isolat på eigen rigg
  • 10 er i isolat i andre bustader

I brakkene ved verftet bur det 260 tilsette. Av desse er 180 i karantene. No strekker Sunnfjord kommune ut ei hand for å hjelpe verftet, og innlosjerer opp til 60 av desse på eitt av hotella i byen. Det er ikkje personar med smitte, men tilsette som er i karantene.

– Det er naturleg å kunne hjelpe Hyllestad kommune i ein slik krevjande situasjon, og det er bra at Scandic Sunnfjord Hotell tek på seg denne samfunnsoppgåva, seier ordførar Olve Grotle (H).

Havyard i Hyllestad

RAUDT: Måndag var Hyllestad på over 100 gongar raudt smittenivå.

Foto: Steinar Lote / NRK

For tett på brakkene

Medan 60 skal til Førde, er det framleis 120 ein ikkje har funne karantene-stad til.

Målet no er å spreie dei tilsette i mindre klynger, fordi det ikkje eignar seg å bu på brakkene der ein er tett på kvarandre. Det fortel ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap).

– Det er svært utfordrande, men vi har håp om at vi skal klare å løyse dette, seier han.

Elles i bygda har dei god kontroll, opplyser han. Totalt er rundt 700 testa for covid-19. I alt har 80 prøvar kome tilbake positive.

Ordførar Kjell Eide i Hyllestad.

KREVJANDE: Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide, trur ein no går mot ei løysing på den krevjande smittesituasjonen i kommunen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Dei som er smitta og registrert så langt har vi kontroll på. No prøver vi å separere dei som er i karantene, seier han.

Eide oppmodar innbyggjarane i Hyllestad om å følgje smitteverntiltak.

– Men ein må ikkje vere for redde, lat oss prøve å leve litt meir som normalt, seier han.

Får eigen fløy

Dei tilsette som kjem til Førde skal vere i karantene på Scandic Sunnfjord Hotell, i eigen fløy og med eigen inngang.

– Hotellkjeda har eit eige opplegg for hotellgjestar som er i covid-19 karantene på andre hotell, og dette vil òg bli følgt på hotellet i Førde, opplyser Grotle.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus

BIDREG: Ordførar Olve Grotle (H) og Sunnfjord strekk ut ei hand til Hyllestad kommune.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Det stadfestar hotelldirektør Odd Egil Gullaksen. Han seier at dei som er i karantene må overhalde tydelege retningslinjer.

– Dersom nokon vil lufte seg har vi eigne område. Vi har vakthald 24 timar i døgnet, som skal hjelpe dei å følgje retningslinjene. Dette blir gjort for at dei ikkje skal kome i kontakt med andre som er i karantene, og heller ikkje gjestar eller tilsette, seier han.

Odd Erik Gullaksen

STRENGT: Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen forsikrar at karantenen blir overhalde og retningslinjer følgde.

Foto: Elias Håvarstein / NRK