Kjetil Knutsen aktuell for Ajax
Kjetil Knutsen er ein av kandidatane til trenarjobben i Ajax, hevdar den nederlandske avisa De Telegraaf. Dei skriv at toppklubben vil avgjera trenarspørsmålet innan to dagar.
TV 2 skriv at Knutsen sin agent har vore i Nederland dei siste to vekene. Ifølgje De Telegraaf ønskjer han ikkje å svara på om han har snakka med klubben.
Arnabuen har vore Bodø/Glimt-trenar sidan 2018, og har tidlegare vore trenar for Åsane, Fyllingsdalen og Fyllingen, i tillegg til toppspelarutviklar for Brann.