Meiner fylket bør satse på Astrup-kunsten og leggje resten av musea på vent

Sogn og Fjordane fylkeskommune står framføre store kutt, og Eikaas meiner det vil gå utover biletkunsten. Rådet hans er difor å ha fokus på Astrupkunsten og hans biografi på Astruptunet.

Stig Eikaas

MÅ KONSENTRERE SEG: Kunstnar Stig Eikaas meiner ein må satse på Astruptunet, og la andre museum liggje.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Norges svar på Monet er jo Astrup, seier kunstnar Stig Eikaas.

Eikaas er sonen til grafikaren og skulptøren Ludvig Eikaas, og meiner ein ikkje kan bruke tid og krefter på alle musea som finst i Sogn og Fjordane.

– Vi kan ikkje vere på Eikaasgalleriet, i Sogn og i Hornindal og overalt. Dei har også brukt tid på å få til utstillinga i Florø med Hegranes. Dette rappar også tid, seier Eikaas.

Ser ingen andre moglegheiter

I dag får musea 60 prosent av midlane sine gjennom statlege tilskot og i snitt 30 prosent frå fylkeskommunen. Dei resterande midlane har kome frå kommunane.

Dei neste fem åra skal fylkeskommunen kutte 224 millionar kroner. I samband med dette kan det bli sett eit tak på fylkeskommunen sitt tilskot til Musea i Sogn og Fjordane på 25 prosent.

Eikås meiner det berre finst ei løysing for musea.

Direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum Morten Johan Svendsen

USAMD: Direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, innrømmer at dei har eit uforløyst potensial når det gjeld formidling.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Eg ser ingen andre moglegheiter enn at ein må late dei andre musea kvile. Ein må vere ærleg på det. Dessverre har vi ikkje pengar, kapasitet og kompetanse til. Men vi klarar å få til noko genuint og interessant med Astruptunet om to år eller så, seier Eikaas.

Drastisk nedgang i besøkstalet

Musea i Sogn og Fjordane har slite med lave besøkstal. Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet har hatt ein nedgang i besøkstala etter at Sogn og Fjordane kunstmuseum tok over drifta i 2003.

Det har gått frå over 20 000 som besøkte Astruptunet midt på 1990-talet til no rundt 3000 besøkande årleg. Eikås meiner problemet blant anna ligg i marknadsføringa.

– Det er noko gale ein stad. Anten med marknadsføring eller kommunikasjon. Det er noko med energien og krafta som er problemet. Det er ingenting som kjem flytande på ei fjøl. Ein må jobbe for det både fysisk, økonomisk og marknadsføringsmessig, seier Eikaas.

Meiner dei driv rasjonelt

Avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum Morten Svendsen er ikkje samd i at ein berre må satse på eit museum, han hevdar tvert om at det ikkje vil bli eit problem å drifte alle musea i fylket framover.

– Eg tykkjer ikkje det høyrest så veldig lurt ut. Vi må kunne klare å ha både det eine og det andre. Vi driv veldig rasjonelt, så eg trur ikkje det blir eit problem i framtida å drive musea i Sogn og Fjordane, seier Svendsen.

I går vart det kjent at Bergen kunstmuseum skal ta med 100 av bileta til Astrup på reise i 2016. For fyrste gong blir det ei separatutstilling utanfor Norden med bilete av Astrup, og fyrste stoppestad er England.

Må bli betre på formidling

Samstundes får altså Sogn og Fjordane kunstmuseum kritikk for å ikkje satse nok på kunstnaren frå Jølster.

Svendsen vedgår at musea må bli betre på formidling til både innbyggjarane i fylket, men også til tilreisande.

– Det er særleg når det gjeld formidling at vi har eit stort potensial i Sogn og Fjordane, både til fylkets eigen befolkning, til skulane og til tilreisande turistar, seier Svendsen.