Hopp til innhold

Vil ha fleire besøkande til den gamle kunstnarheimen – vurderer å ta tilbake drifta

Frå over 20.000 besøkande på 1990-talet er det no berre rundt 3000 som årleg vitjar Astruptunet. Jølster-ordføraren er misnøgd med satsinga, og vurderer ta tilbake drifta.

Astruptunet

PUBLIKUM SVIKTAR: Over fleire år har publikum svikta Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Interessa for å besøke heimen til den verdskjende kunstnaren Nikolai Astrup er stadig dalande.

Småbruket på Sandalstrand på sørsida av Jølstravatnet er i dag museum, men besøkstala sviktar.

Anne-Marie Førde, direktør for Musea i Sogn og Fjordane, forstår at politikarane i Jølster fortvilar når publikum sviktar, men er ikkje samd i at museet ikkje blir satsa på. Ho vil jobbe saman med kommunen for å snu besøkstala.

– Eg trur vi treng kvarandre ganske sterkt, seier ho til NRK.no.

– Vurderer å utvikle det vidare sjølv

Men samarbeidet mellom musea og kommunen er under press. Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster meiner det ikkje blir satsa tilstrekkeleg på Astruptunet, og opnar for at kommunen skal ta over drifta igjen.

– Besøkstala går berre nedover og nedover, og drifta er berre ein skugge av det det ein gong var på 1990-talet. Då låg besøkstala jamt på rundt 20.000 til 25.000 besøkande i året. No er det under 3000 i året.

– Vi må sjå om dette er noko vi kan jobbe vidare med, og utvikle det sjølv slik vi dreiv det tidlegare. Vi hadde trass alt svært gode besøkstal og mykje aktivitet rundt museet då vi dreiv det i kommunal regi, seier Sp-ordføraren.

Vil gje museet eit løft

Som svar på påstanden om manglande satsing seier museumsdirektøren at dei er i gang med å gje Astruptunet eit løft.

Konkret vil dei no få tunet til å sjå meir ut slik det gjorde på den tida kunstnaren sjølv levde.

– Dette er ikkje gjort over natta. Det trengst både planlegging og pengar, seier Anne-Marie Førde.

No håpar direktøren at politikarane i Jølster tenkjer seg godt om før dei tek tilbake ansvaret for Astruptunet.

– Eg synest det er veldig synd at dei opplever at samarbeidet er såpass dårleg. Eg føler faktisk at vi har god kommunikasjon med kommune og ordførar, og eg håpar samarbeidet kan halde fram.