Hopp til innhold

Fleire Astrup-kopiar kan vere i omløp

Som tenåring laga Nikolai Astrup Geelmuyden fleire kopiar av bestefaren sine kunstverk. No kan fleire av desse vere i omløp som ekte Nikolai Astrup-verk.

Nikolai Astrup Geelmuyden (Montasje)

KJEDA SEG: Nikolai Astrup Geelmuyden kjeda seg på Jølster. No kan tidsfordrivet hans, måling og teikning, vere i omløp som Astrup-måleri.

Foto: Eldgrim Fossheim

Verka til den kjende jølsterkunstnaren Nikolai Astrup (1880–1928) dukkar frå tid til anna opp hos auksjonsfirma.

Nokre av desse kan vere barnebarnet Nikolai Astrup Geelmuyden som står bak.

– Heimen min var full av bilete, så eg teikna og måla etter dei som hang der. Eg brukte mellom anna postkort, men då eg måla «Jesus i Getsemane» lånte eg originalen som Engel Astrup hadde, fortel den sjølvlærte biletkunstnaren.

Dukka opp i sommar

Det var i åra 1946 og 1947 at den no 82 år gamle Astrup Geelmuyden kopierte bestefar sin. Astrup er no ein av Noregs mest kjende kunstmålarar og fleire av bileta hans, hovudsakleg inspirert frå Jølster-naturen, er verd millionar av kroner.

I sommar vart det kjent at dottersonen til Astrup hadde laga ein kopi av det kjende jonsokbålet . Biletet vart sjølv av ekspertar omtala som «Astrup på sitt beste».

– Eg målte mykje på atelieret til Astrup, seier barnebarnet.

Ukjent tal kopiar

– Eg flytta til Jølster, som var ei avsides bygd. Hadde teikna og måla mykje før, og kjeda meg på Jølster. Då eg såg lerreta liggje der, så byrja eg å måle, legg 82-åringen til.

I tillegg til biletet som dukka opp i sommar, hevdar Astrup Geelmuyden å ha laga minst fire kopiar av «Jesus i Getsemane» og eit ukjent tal andre kopiar.

– Eg var berre 15–16 år gamal. Kvar bileta er blitt av, det veit eg ikkje, seier han.

– Kan vere fleire

Engel og Nikolai Astrup

KJEND: Nikolai Astrup, her saman med kona Engel.

Astrup-ekspert og magister i kunsthistorie, Øystein Loge, fryktar at det kan vere fleire slike kopiar som går for å vere ekte Astrup-måleri.

– Enden å byrje i må vere å spørje Geelmuyden pent om han ikkje kan anstrenge seg litt for å hugse litt betre kva motiv han har måla, seier han. Loge var ein av dei som med spenning såg på det aktuelle biletet i sommar .

– Det er så godt måla, der han også nytta Astrup sitt eige lerret. Det kan tenkast fleire tilfelle der nokon har teke feil på ein eller annan måte og tenkt at det er ein Astrup, legg han til.

Må finne kopiane

Loge meiner at det må setjast i gang eit arbeid for å finne ut kva Astrup-bilete som er ekte – og kven som har kopiert.

– Museet i Sogn og Fjordane og Astrupsamlinga i Bergen er institusjonane som må, ved hjelp av Geelmuyden sjølv, prøve å komme fram til kva påståtte Astrup-bilete som faktisk er måla av Geelmuyden, seier han.

Også barnebarnet til den kjende kunstnaren fryktar det kan vere fleire kopiar i omløp.

– Det kan det vere, seier han.