Hopp til innhold

Vil ha fleire til å besøke musea

Det blir stadig færre som tek turen innom musea i Sogn og Fjordane. Slik kan det ikkje vere, meiner styreleiar.

Harry Mowatt på opninga av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunstmuseum

IKKJE SÅ VERST, MEN: Vel 63.000 besøkjande er ikkje så verst, meiner styreleiar Harry Mowatt. Likevel skulle han helst sett at det ikkje stadig vart færre som tok turen innom musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Musea har ikkje oversikt over akkurat kor stor nedgangen er, men det blir stadig færre turistgrupper og skulegrupper som er innom. I fjor var det registrert 63.000 besøkjande.

Avdelingsdirektør ved Nordfjord Museum, Aslaug Nesje Bjørlo, seier dei ikkje har tid til å prioritere like mange nye utstillingar som før. Den enkle forklaringa er at dei må bruke tid på å ta vare på og registrere kunstverka.

– Det påverkar sjølvsagt besøkstala at vi prioriterer anna arbeid. Då har vi mindre tid til å lage nye og spennande utstillingar og invitere publikum til å sjå på samlingane vi har, seier ho til NRK.no.

Må bruke tida på andre ting

Musea i Sogn og Fjordane forvaltar nær 120.000 gjenstandar, over 190 kulturhistoriske bygg, og i tillegg farkostar og uteområde. Det er eit kostbart og tidkrevjande arbeid å ta godt vare på alt. Og med knappe resursar vert det mindre tid enn før til å gjere musea attraktive for publikum.

– Vi har brukt ekstra ressursar til bevaring og registrering av gjenstandar som ikkje har vore tilfredsstillande registrert. På dette arbeidet har vi eit etterslep på mange årsverk, fortel Nesje Bjørlo.

I fleire år har det vore ein nedgang i talet på turistar, skuleelevar og folk flest som vel å ta turen innom musea.

Teljemåten for registrering av besøkjande har blitt endra fleire gonger, så det finst inga oversikt over kor stor nedgangen er.

Vil ha fleire besøkjande

Men styreleiar for stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt, meiner vel 63.000 besøkjande ikkje er så verst.

– Vi må sjå det i forhold til at vi er eit fylke som tel vel 100.000 innbyggjarar, seier han.

Likevel er han klar på at ein ikkje kan leve med at talet på besøkjande stadig går nedover. Han seier dei vil gjere grep for å betre marknadsføringa, og i tillegg gjere kunsten tilgjengeleg via internett.

– Vi må prøve å stabilisere tala, og prøve å få auka det.

– Dessutan trur eg at det i vår tid er viktig med satsing på digitale løysingar. Rett og slett at folk kan besøke musea heime frå sofaen sin, seier Mowatt.