Hopp til innhold

Musea manglar 30 millionar kroner - no ber dei om meir pengar

Musea i Sogn og Fjordane manglar 30 millionar kroner. Får dei ikkje meir pengar må dei begynne kutte i tilbodet til publikum.

Harry Mowatt på opninga av det nye bygget til Sogn og Fjordane kunstmuseum

TRENG MEIR PENGAR: Det seier Harry Mowatt, styreleiar i Stiftinga i Musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Store kostnadar til nye prosjekt og drift av bygga gjer at budsjettet til musea i fylket sprekk.

No ber dei fylkeskommunen og staten om meir pengar.

– Når vi set oss ned og reknar på kva det kostar, så ser vi at vi ikkje har fått budsjett som svarar til det vi treng, seier styreleiar Harry Mowatt i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Må rette opp i gamle synder

Berre i år har dei behov for 30 millionar kroner meir enn det som er budsjettert. Hovudårsaka er at dei må rette opp i gamle synder. Mange av dei eldre bygga står til forfalls.

– Vi har eit museum i Movika som knapt kan drivast på ein tilfredsstillande måte, og vi har eit Kystmuseum i Florø som står til nedfalls.

– Alt dette må vi få ordna opp, om ikkje kan det få store skadeverknader, seier Mowatt.

På seinsommaren i 2011 viste museet seg frå si verste side. Medan statsministeren sat i publikum losna ein planke frå veggen og trefte ein musikar i hovudet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kystmuseet i Flora

SVIKTANDE GRUNN: Kystmuseet i Florø står på sviktande grunn, og også innvendig er det i dårleg stand.

Foto: Steinar Lote / NRK

Nye museum – for lite pengar

Berre vedlikehaldet av bygga vil koste minst 14 millionar kroner. Men det er også mange andre utgifter som gjer at dei ikkje kan halde seg innanfor budsjettet.

– På driftssida manglar vi ca fem millionar kroner, seier styreleiaren.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har fått store utgifter på å drive dei nye institusjonane som nettopp er blitt bygde.

– Ein del av utfordringa er nyleg skapt fordi ein har starta opp nye institusjonar i Førde og i Lærdal, forklarar han.

På det flunkande nye kunstmuseet i Førde har det for eksempel blitt auka kostnader på over 650.000 kroner for vask og straum.

– Det er eit flott museum, og ein pryd for Førde og Sogn og Fjordane. Men ein har ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til at det vil koste å drive det.

Meiner mange må dele på skulda

No står musea i Sogn og Fjordane framfor ein kritisk situasjon fortel Harry Mowatt. Difor ber dei om meir pengar frå stat og fylkeskommune for å kunne drive vidare.

– Situasjonen er veldig vanskeleg. Vi må få gjort oppgåvene som går på det vi har forsømt, og vi må få eit driftsbudsjett som er tilfredsstillande.

Musea i Sogn og Fjordane blir finansiert av både stat, fylkeskommune og kommunane. Mowatt meiner difor at det er fleire som må ta på seg skulda for at budsjetta ikkje er store nok.

– Dette er ei synd som vi må dele på mange. Ein har vore meir glad i å starte opp nye ting, enn å ta vare på det gamle.

– Dei nye tiltaka har blitt køyrd fram av lokale pressgrupper, og fått sin tilslutnad i fylkeskommunen. Utan at musea har vore inne i biletet.

Får ikkje nok

Erikstad6

FÅR IKKJE NOK: Ingebjørg Erikstad meiner støtta frå det offentlege ikkje er stor nok.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, meiner det meste av utgiftene til musea er budsjettert. Men at det ikkje har kome nok støtte frå det offentlege.

– Mykje av dette er nok budsjettert, men så handlar det om kva dei faktisk får tilbake frå det offentlege.

– Det er ikkje alltid at tilskota som blir gitt svarar til dei kostnadane som ligg der, seier ho.

For stort fokus på nye prosjekt

Fylkespolitikar Nils Gjerland, leiar i hovudutvalet for kultur, vedgår at dei har hatt stort fokus på nybygg og nye prosjekt.

– Det ligg vel i vår natur å ha lyst og vilje til å få fram nye prosjekt, idear og tiltak.

Nils Gjerland

FORSIKTIGE: Nils Gjerland seier fylkeskommunen no skal satse meir på det dei allereie har.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Så håpar ein at ein har pengar til å drifte det, utan at vi kanskje har det, seier Gjerland.

Kan ikkje love meir pengar

Fylkeskommunen skal no bli meir forsiktige i kultursatsinga og fokusere på det dei allereie har. Men det er ein ting for musea å søkje om meir pengar. Ein annan ting er om dei faktisk får det. Også i fylkeskommunen er det ei grense for kor mykje pengar dei kan dele ut.

– Dette blir det store spørsmålet når vi no går inn i finansdebatten. No er det skulesaka, og det er andre saker, og kulturen er ein del av eit fordelingsbilete.

– Vi får sjå kor langt vi kjem. Vi har god vilje, og så er det grenser for økonomien, og det kan vi ikkje sjå vekk frå, seier Gjerland.

Vil råke tilbodet til publikum

Mowatt håpar uansett i det lengste. Om ikkje den økonomiske situasjonen blir betre vil kulturtilbodet til publikum bli mykje dårlegare.

– Då må vi begynne skjere. Og det er klart at med så store summar, så vil det går utover det vi kan tilby folk.

– Og det vil også gå utover det som går på forvaltning av gjenstandar, seier styreleiaren.