Hopp til innhold

- For mykje fokus på Nygårdsparken

Overfokusering på Nygårdsparken kan føra til at rusmiljøet andre stader vert undervurdert.

Video Narkotika og LAR

Nygårdsparken har eit for stort fokus i narkotikadebatten i Bergen, meiner seksjonsleiar for organisert kriminalitet.

Foto: NRK

Seksjonsleiar for organisert kriminalitet, Jørn Solsvik, meiner det er for mykje fokus på Nygårdsparken i narkotikadebatten i Bergen.

- Rusproblematikken handlar om langt meir enn Nygårdsparken. Me finn narkotika på kjøpesentra, og det skjer på veldig mange heimefestar, seier Solsvik.

- Nyrekruttering skjer ikkje der

Han meiner kjøp, sal og misbruk av narkotika er eit like stort problem i bydelane og viser til at rekrutteringa av unge skjer utanfor sentrum.

- Dei me har pågripe i Nygårdsparken, er nesten alle kjende som brukarar og seljarar av narkotika. Nyrekruttering til narkotikamiljøet skjer ikkje der, seier Solsvik.

Han åtvarar foreldre om å tru at det berre er her ungdom kan møta eit tungt rusmiljø.

- Overfokusering og for mykje fokus på Nygårdsparken kan føra til at nokre trur at så lenge borna deira ikkje går i Nygårdsparken, så vert dei ikkje introduserte for narkotika. Det er me litt redde for.

Finn sprøtespissar på toaletta

På Vestkanten i Loddefjord opplever dei narkotikaproblematikken på nært hald.

- Me finn sprøytespissar på toalettet, seier tryggingsleiar Rune Kvicksson.

Marknadssjef Jan Rognvaldsen ser likevel ei betring.

- Sett utifrå vår ståstad på kjøpesenteret, så har det faktisk aldri vore så bra som det er no. Men det betyr ikkje at me ikkje har problem. Me finn framleis sprøytespissar.