Hopp til innhold

Vil la narkomane vera i parken

Politiet og kommuneleiinga har ulike meiningar om kva som bør gjerast i Nygårdsparken.

Nygårdsparken

Nygårdsparken i Bergen.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Politirådet i Bergen hadde onsdag sist første møte. Politiet, byrådet og leiinga i Bergen kommune er med i rådet, som skal jobba med å effektivisera kampen mot kriminalitet i Bergen.

Politirådet i Bergen

Politirådet var onsdag samla til sitt første møte.

Foto: NRK

To sentrale tema under møtet var narkotikamiljøet i Nygårdsparken og kriminelle MC-organisasjonar. Deltakarane på møtet var i stor grad einige, men dei har ulike meiningar om kva som bør gjerast med Nygårdsparken.

– Vårt bidrag framover er å auka aktiviteten i Nygårdsparken, og prøva å avgrensa det geografiske omfanget av problemstillingane. Vår policy no er ikkje å få dei narkomane ut av parken, men å samla dei i meir konsentrerte område av parken, seier Olav Valland, politistasjonssjef i Bergen sentrum.

Skal ta parken tilbake

Byrådet vil ha slutt på kriminelle aktivitetar i Nygårdsparken.

– Me skal bruka hovudet, men me skal ta parken tilbake. Det betyr at me skal avgrensa all kriminell verksemd i parken. Eg trur at ein i løpet av nokre få år vil sjå endringar i aktivitetane me har i parken. Viss me skal predikera nulltoleranse ovanfor barn og ungdommar kan me ikkje ha denne typen utemarknadar som er så openlyse og tilgjengelege for byen, seier byrådsleiar Monica Mæland.

For å få narkotikamiljøet ut vil ho ha meir aktivitet i parken.

– Det kan vera generelle parkaktiviteta som familiedagar i parken, sirkus og konsertar. Nygårdsparken vil også bli brukt av mange fleire når me får nye bustadar på Damsgård. Det er veldig bra, for me veit at når vaksne menneske inntar område, så går kriminaliteten rusåtferda ned, seier Mæland.

Vil ha det meir oversiktleg

Politiet har på si side føreslått å endra på toppgrafien i parken, blant anna ved hjelp av beskjæring. Dette skal gjera det meir oversiktleg i Nygårdsparken. Den politiske leiinga er meir skeptisk til dette.

– Me er for å løysa utfordringane me har i nygårdsparken. Så er det slik at det kan vera litt ulikt syn på kva inngrep ein kan gjera i parken. Det er ein vakker gammal park som sjølvsagt både skal ryddast og beskjærast, men parken er freda og antikvariske myndigheiter vil setta ganske klare reglar, seier Mæland.