– Brukarane vi har fungerer betre i dag enn dei gjorde tidlegare, rekrutteringa blant unge har gått ned og i tillegg ser vi at ungdomsmiljøa er sunne og friske, seier ruskoordinator Roald Aga Haug i Odda kommune.
Nøkkelen til suksess
Han plasserte i går helsepolitikarane i Bergen på skulebenken. Gjennom nitid kartlegging av rusmisbrukarane og tett kontakt med ungdomsmiljøet har ein klart å stoppa rekrutteringa til rusmiljøet blant unge i Odda. Tettare kontakt med dei narkomane har vore ein viktig nøkkel.
– Dei beste informantane er dei som er i miljøet sjølve. Vi får fort vite om når ungdommar kjem inn i det tyngre miljøet. Det å ha ein god oversikt og tett kontakt med brukarane, er rusforebyggande etter vårt syn, seier Aga Haug.
– Svært god kontroll
– Viss vi samanliknar Odda med andre kommunar, ser det ut som kommunen har svært god kontroll grunna samarbeid på tvers av etatar, seier politioverbetjent Svein Bjørn Losnegaard. I Bergen er situasjonen ein heilt annan når det gjeld nyrekruttering til rusmiljøa.
– Vi ser stadig at ungdom helt ned til 13 år byrjar med rus, seier Losnegaard.
– Det må vere ei suksesshistorie når dei no har stoppa nyrekruttering, seier komitéleiar Oddny Miljeteig frå SV. Ho er overtydd om at Bergen må læra av veslebroren i Hardanger.
- Må syne at vi bryr oss
Også Hans Edvard Seim frå Høgre meiner Bergen bør bygga vidare på den tette kontakten Odda kommune har fått med rusmiljøet i industribyen.
– Eg trur vi må lære å være nær dei menneska det gjeld og vise at dei tilsette i kommunen bryr seg, seier Seim.