- LES OGSÅ:
Medikamentsvinn ved norske sjukehus fører kvart år til at helsepersonell misser arbeidet og autorisasjonen sin. I fleire av sakene ligg det personelege tragediar bak.
For dårleg kontroll
Fleire tilsette i Helse Førde har mista jobben på grunn av medikamentsvinn i 2009.
Foto: Arne Stubhaug / NRKGunnar Englund er kritisk til medikamenthandteringa ved Førde sentralsjukehus.
Foto: Vegar Erstad / NRKDet er strenge reglar for korleis helsepersonell skal handtere medisinar. Likevel klarte 63 personar på landsplan å miste jobben på grunn av medikamentsvinn i 2008.
Foto: Steinar Lote / NRKHans Johan Breidablikk fagdirektør i Helse Førde vil innføre strengare rutinar.
Foto: Helse FørdePetter Øgar, fylkeslegen i Sogn og Fjordane, meiner medikamentsvinn er eit alvorleg problem i helsevesenet.
Foto: Oddleif Løset/NRK / NRKI dag var det seminar om medikamentsvinn på Førde sentralsjukehus.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK- Etter å ha etterforska sakene så meiner vi å sjå at kontrollen og rutinane kunne vore mykje betre. Og det er difor vi er her i dag, seier etterforskingsleiar ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Gunnar Englund.
- Det vil kome nye kontrollrutinar, seier fagdirektør Hans Johan Breidablikk.
- LES OGSÅ:
Må ha strengare reglar
Breidablikk seier det alltid er eit val mellom det perfekte og kva som faktisk let seg gjere.
- Det vert alltid eit val mellom det ideelle og det som er praktisk ressursmessig mogleg. Men når det gjeld nokre preparat, som B-preparat må vi nok gjere meir, seier Breidablikk.
- Kva kan de gjere?
- Vi ser om vi kan gjere fortløpande rekneskap knytta opp til forbruket for å sjå om medisinen hamnar der den skal eller ikkje.
- LES OGSÅ:
Fleire mista jobben
Problemet har vore så stort at føretaket har halde eit seminar i dag.
- LES OGSÅ:
- Eg trur at det vil kome nesten uansett der ein får ei loggføring over kvar einaste tablett i siste innstans, seier fagdirektøren.
I løpet av 2009 har fleire tilsette i Helse Førde mista jobben fordi dei har stole medisinar frå medisinlageret på Førde sentralsjukehus.
- LES OGSÅ:
- Vi må følgje med
Fagdirektøren meiner bevisstgjeringa kring handtering av medisin må kome tidleg inn i opplæringa av nye helsepersonell.
- LES OGSÅ:
- Vi må ha kontrolltiltak og opplæring av studentar i dette. Også må vi følgje med på om det skjer noko spesielt, seier han.
- LES OGSÅ: