Hopp til innhold

Uforsvarleg medisinhandtering

Pasientar ved Seljetunet omsorg og rehabilitering får ikkje forsvarleg legemiddelbehandling.

Selje omsorgssenter
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det kjem fram etter at Helsetilsynet har kontrollert sjukeheimen.

Dei ser svært alvorleg på at pasientane får legebesøk berre kvar fjortande dag.

Fungerande fylkeslege Einar Hovlid

Einar Hovlid, Helsetilsynet

Foto: Solfrid Helvik

- Dette er sjuke pasientar. Det er gamle pasientar, gjerne med mange diagnosar, seier Einar Hovlid i Helsetilsynet. - Det er pasientar som ikkje alltid er i stand til å ivareta sine eigne interesseer. Difor er det viktig at kommunane har gode system.

Berre legebesøk kvar 14. dag

Helsetilsynet meiner det er sett av for lite legeressursar til å løyse naudsynte oppgåver ved Seljetunet omsorg og rehabilitering.

I utgangspunktet skal det vere legevisitt der kvar veke, men i år har legen i snitt vore der berre anna kvar veke.

Det meiner Hovlid er eit klart brot på lovkrava, noko som fører til at pasientar og pleiarar må vente unødvendig lenge for å få avklart plager hos dei eldre.

- For dårleg opplæring

Hovlid er særleg kritisk til at hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar som deltek i legemiddelbehandlinga ved sjukeheimen ikkje blir godt nok lært opp før dei delar ut medisin til pasientane. - I sin verste konsekvens kan det medføre at pasientar ikkje får den behandlinga dei skal ha.

- Lovar å bli betre

Gunn Helgesen, ordførar i Selje

Ordførar Gunn Helgesen

Foto: NRK

Ordførar Gunn Helgsesen seier dette er noko dei må gjere noko med. - Dette må vi ta tak uansett om det er tidspress, dårleg økonomi eller kva som er årsaka, så har vi eit pålegg som vi må gjere noko med. Det må vi ta inn o ver oss, seier Helgesen.