Hopp til innhold

Kreftpasient fekk feil medisin

Kvinna skulle få cellegift iblanda sukkerblanding, men sjukepleiaren forveksla blandinga.

Kreftpasienten fekk difor sterkare sukkerblanding enn ho skulle.

- Pasienten fekk høgre blodsukker over ein periode på grunn av feilen, seier fylkeslege Petter Øgar til firda.no .

- Ikkje uvanleg

Feilen førde ikkje til at kvinna fekk skade på noko vis, men Øgar er kritisk til at Helse Førde gav henne feil medisin. Han undrar seg over om rutinane til helseføretaket er gode nok. For ifølgje nettavisa er det ikkje berre denne saka han har fått på bordet.

- I løpet av dei siste vekene har vi fått inn ei handfull meldingar om feil i samband med medisinering som blir gjort intravenøst, seier han.

Øgar legg til at det ikkje er uvanleg med feilmedisinering. Helse Førde vil sjå på rutinane i samband med medisinering.