Hopp til innhold

Medisintjuveri på sjukehus

Politiet skal etterforske medisintjuveri frå Førde sentralsjukehus.

Førde Sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkeslege Petter Øgar ser svært alvorleg på situasjonen.

Medisin bytt ut eller vatna ut

På sentralsjukehuset i Førde er medikament forsvunne, eller erstatta med anna stoff eller vatna ut. Politiet etterforskar saka, men ønskjer ikkje å uttale seg, heller ikkje om kva type medikament det er snakk om, eller kor store mengder det dreier seg om.

- To alvorlege sider

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Fylkeslege Petter Øgar seier medikamentsvinnet er alvorleg.

- Det er to alvorlege sider ved det, det eine er at det kan tyde på at helsepersonell er avhengig av medikament, og det er alvorleg. Det andre er at innhaldet på medisinflasker er bytt ut med uverksamt stoff, og det betyr at pasientar ikkje får den medisinen dei skal ha.


Men det er slett ikkje er første gong fylkeslegen får slike saker på bordet.

- Ikkje vanleg

- Det går ikkje an å seie at det er eit vanleg problem, men det er ikkje sjeldan heller. Kvart år har vi saker der medisin forsvinn frå helseinstitusjonar.

Direktør for kirurgisk klinikk, Anne Ma Øvsthus, seier dei har meldt saka til politiet, og at dei no avventar etterforskinga. Ho seier dei sjeldan har slike saker, men at dei har gode rutinar å halde seg til når medikamentsvinn vert oppdaga.

Personlege tragediar

Klinikkdirektøren seier det ofte ligg personelge tragedier bak slike saker.

- Det som er trasig i slike saker er at det er knytt personlege tragediar til det å ta medikament på sjukehuset,og det er ikkje noko greitt, men vi må berre takle det når det skjer.


Fylkeslegen vil følgje saka, og avventar informasjon frå sjukehuset.