Hopp til innhold

Krev medikamenthandtering vurdert

Helsetilsynet krev gjennomgang av rutinane knytt til medikamenthandteringa i Helse Førde.

Det er rapportar frå helseføretaket som har fått tilsynet til å reagere.

- Dersom det blir gjeve feil, så kan det få alvorlege følgjer. Medikament som blir gjeve intravenøst har ofte særleg sterk verknad, slik at i utgangspunktet er dette svært lite ynskjeleg, seier fylkeslege Petter Øgar.

Fekk sterkare medisin

I fjor rapporterte Helse Førde om fleire alvorlege avvik på medikamenthandteringa. Spesielt gjeld avvika tilfelle der pasientar skulle ha medisinar intravenøst. Mellom anna fekk ein kreftpasient sterkare meidisinering enn ho skulle hatt. No vil Helsetilsynet ha rapport om rutinane til helseføretaket.

- Dette går godt an å gjere betre. Det er døme frå andre stadar der ein ved systematisk forbetringsarbeid har fått klar forbetring av resultata, seier Øgar.

- Ikkje så bra som vi ynskjer

I 2009 fekk alle helseføretaka i Norge pålegg om å bli flinkare til å rapportere om avvik. Fagdirektør Hans Johan Breidablikk i Helse Førde, seier dei sjølve vil ha god bruk for ein gjennomgang av rutinane.

I samarbeid med Helsetilsynet har helseføretaket no byrja arbeidet med å kartlegge rutinane sine.

- Det har kome fram ein del saker der legemiddelhandteringa ikkje er så bra som vi ynskjer, fordi det skjer feil som ein kanskje kan unngå. Det skal skje så lite feil som mogeleg på dette området, seier han.