Hopp til innhold

Sjukepleiar stal medisinar på jobb

Ein tilsett ved Førde sentralsjukehus har mista autorisasjonen, etter at vedkommande stal medikament på arbeidsplassen.

Medisin
Foto: Scanpix / SCANPIX

Ein sjukepleiar ved Førde sentralsjukehus er fråteken autorisasjonen som ein reaksjon på at vedkommande tok medikament frå sjukehuset.

Sjukepleiaren vart tidlegare denne månaden dømd for tjuveriet i tingretten.

No har Statens Helsetilsyn bestemt at sjukepleiaren ikkje får halde fram i yrket.