Hopp til innhold

- Det kan framleis oppstå lekkasjar

Situasjonen for containerskipet Celina er tysdag morgon stabil. Det gjenstår framleis mykje arbeid før ein kan vere trygge på at det ikkje oppstår lekkasjar frå skipet.

Containerskipet Celina på grunn utanfor Måløy

STABILT: Skipet ligg framleis stabilt, men det er fare for at det kan oppstå situasjonar når ein byrjar losse skipet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det 123 meter lange containerskipet gjekk på grunn ved Gangsøya utanfor Måløy fredag kveld. Sidan har det blitt arbeidd kontinuerleg for å granske skadeomfanget på skipet.

Kystverket sin mann om bord på skipet, fortel til NRK måndag kveld at situasjonen er stabil, men at det framleis er mykje som kan skje.

– Vi veit at det er mykje skader, men vi veit ikkje heilt kor vatnet kjem inn i skipet, seier Ola Jordheim til NRK.no. Han seier dei vil vere heilt sikre på skadeomfanget før dei byjrar å losse skipet.

Ligg framleis stabilt

Allereie timar etter at skipet gjekk på grunn vart det klart at skroget hadde fått store skadar. Skipet skal ha hatt stor fart under grunnstøytinga, og skroget har blitt rive opp fleire stader. Mange av desse hola er no tetta med trepluggar. To taubåtar held skipet på plass og sikrar at det ligg stabilt.

Heile måndagen gjekk med til kartlegging av skadeomfanget, fortel Jordheim.

– Skipet ligg framleis ganske stabilt. Det er ingen operasjonar som går føre seg om bord som tilseier at situasjonen skal endre seg, seier Jordheim.

– Vêrforholda er gode, og situasjonen er ikkje spesielt kritisk slik det er no, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tyske containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

GRUNNSTØYTTE: Tyske containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Situasjonar kan oppstå

Jordheim seier bergingsselskapet framleis prøver å få full oversikt over skadeomfanget. Det blir stadig jobba med å tette lekkasjane og pumpe ut vatnet. Men ein har altså framleis ikkje full oversikt over kor vatnet kjem inn i skipet.

Sjølv om situasjonen ser bra ut i dag, er det framleis ting som fort kan endre seg, forklarar Jordheim.

– Først må vi tette lekkasjane, før vi kan gjere vurderingar på kor mange tankar som må tømmast for olje før skipet eventuelt kan flyttast. Vi vil også starte med planlegging av lossing av containerane, seier Jordheim i Kystverket.

– Det kan oppstå situasjonar når vi byrjar lette skipet, så det er difor vi må vere heilt sikre på at vi er kjente med skadeomfanget før vi gjer det.

Då skipet grunnstøytte hadde det om lag 265 kubikkmeter tungolje og om lag 65 tonn diesel om bord.

Skipet har 165 containerar om bord, dei fleste lasta med frosen fisk og gjødsel. Skipet hadde 14 mann om bord då det gjekk på grunn, og er registrert på Antigua og Barbuda. Ingen om bord er norske.