Hopp til innhold

Har gjort avhøyr av kapteinen

Politiet har no starta arbeidet med å finne ut årsaka til at containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

Åtte grader

PÅ GRUNN: Det 123 meter lange containerskipet «Celina» gjekk på grunn ved Gangsøya utanfor Måløy.

Foto: Nils Magne Sønderland

Ifølgje politiet sin operasjonssentral i Florø har lensmannskontoret i Vågsøy ansvar for etterforskinga. Dei har mellom anna gjort avhøyr av kapteinen på skipet.

– Saka vil bli fulgt opp frå lensmannen i Vågsøy etter helga, får NRK opplyst frå politiet søndag kveld.

Null promille

I følgje Fjordenes Tidende, har politiet gjort rutinemessige promillekontrollar av mannskapet, men at det ikkje er mistanke om at rus kan ha vore ein medverkande årsak til den dramatiske grunnstøytinga ved Gangsøya utanfor Måløy.

Vakthavande i Kystverket, Rune Bergstrøm, opplyser til NRK søndag kveld at situasjonen framleis er stabil for «Celina». Lensinga av skipet går etter planen, og det skal ikkje ha vorte ytterlegare fare for oljelekkasje.

– Eg reknar med at vi får på plass ein fullstendig bergingsplan seint i kveld eller natt, og først då vil vi avgjere om vi skal gjere forsøk på å tømme skipet for olje, seier Bergstrøm.

Frosen fisk om bord

Det er reiarlaget og forsikringsselskapet deira som skal stå for berginga av skipet, og vil etterkvart få på plass ressursar som erstattar den statlege innsatsen for å stabilisere skipet og hindre oljesøl.

Då skipet grunnstøytte hadde det om lag 265 kubikkmeter tungolje og om lag 65 tonn diesel om bord.

Skipet har 165 containerar om bord, dei fleste laste med frosen fisk og gjødsel. Skipet hadde 14 mann om bord då det gjekk på grunn, og er registrert på Antigua og Barbuda.