Hopp til innhold

Skipet står ustabilt

Conteinerskipet som grunnstøytte sør for Måløy i går kveld, har fått store skader. – Situasjonen er uavklart, seier Kystverket som no har ansvaret for bergingsaksjonen.

– Skipet står framleis ustabilt og det er ei viss fare for oljelekkasjer, seier beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket laurdag føremiddag.

Rederiet har inngått bergingskontrakt og det vert jobba med ein plan for å få ut oljen som er att i tankane på skipet. Det ser ikkje ut at det har vore noko oljelekkasjar frå skipet å snakke om.

– Vi har ingen indikasjonar på det. Grunna skydekket har vi ikkje fått rekognisert med fly, men vi håpar å få teke ein runde med helikopter seinare i dag, slik at vi får litt meir oversikt. Førebels synfaring med båt har ikkje klart å påvise noko lekkasje av monaleg storleik, seier Ly.

Uvisst om havaristen er stabil

Det store skipet vert halde på plass av to taubåtar. Om skipet held seg stabilt dersom desse trekkjer seg unna, er førebels uvisst.

– Båten ligg slik at han er grunnstøytt i baugområdet, og akterenden kviler nedpå. Men det er utfordringar med flo og fjøre, og ein veit ikkje kor stabilt båten ligg. Skulle han drive litt ut og søkkje, så er det veldig djupt like ved, seier Ly.

Det var like etter klokka 20.30 fredag kveld at det 123 meter lange containerskipet «Celina» ved Gangsøy sør for Måløy. Skipet som er på 6400 bruttotonn, var då på veg sørover i retning Skatestraumen og Bremanger.

Har tatt inn store mengder vatn

– Vi får opplyst på staden at skipet ikkje er flytedyktig med dei skadene det har no. Det har tatt inn mykje vatn i maskinrommet. Det var så mykje vatn at det stod ein halv meter over hovudmotoren, opplyste redningsleiar Andreas Bull ved Hovudredninssentralen for Sør-Norge til NRK.no laurdag morgon.

I tillegg skal det ha komme vatn i eit par av lasteromma.

Mannskapet i sikkerheit

Skipet hadde eit mannskap på 14 om bord då det havarerte.

– 10 av desse gjekk over til ein annan båt etter grunnstøytinga. Mannskapet har elles gått litt til og frå, seier Bull.

Etter som mannskapet er i sikkerheit, er det no Kystverket som har ansvaret for operasjonen

(Artikkelen held fram under biletet)

Celina

GRUNNSTØYTT: Containerskipet Celina har grunnstøytt utanfor Måløy.

Foto: Pressefoto

Full mobilisering

– Det er kystvaktsfartøy og slepefartøy ved skipet. Den lokale oljevernberedskapen i kommunen er på plass og ytterlege ressursar frå statlege depotar er på veg, blant anna frå Florø, seier beredskapsdirektør Ly.

«Celina» har laurdag føremiddag ei slagside på åtte grader, og blir no halde på plass på grunna ved hjelp frå to taubåtar. Det skal dermed ikkje vere noko umiddelbar fare for havaristen. Kystvaktskipet «Bergen» er også komen til staden. Dei har kapasitet til å ta over all bunkersen.

Vêret skaper vanskar

Det er observert mindre oljesøl i samband med start av lensing av maskinrommet. Men elles er ein usikre på om det har leke ut drivstoff i sjøen frå skipet som har 280.000 liter tungolje og 67.000 liter diesel om bord.

Men vêret er ei utfordring i området.

– Det er relativt dårleg ver. Vi hadde eit overvåkningsfly i lufta i morgontimane, men klarte ikkje å få eit visuelt overblikk på grunn av at det er lavt skydekke i området. Første prioritet no er å få kontroll på fartøy og få lossa ut olje for å redusere faren for utslepp, seier Ly.

HRS fekk melding om grunnstøytinga klokka 2038. Det 123 meter lange skipet skal ha vore på veg frå Måløy, men like før Skatestraumen, grunnstøytte det i Gangsøy.

Skipet er registrert på Antigua og Barbuda, og ingen av mannskapet ombord skal vere norske.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.