Hopp til innhold

Får farledsbevis utan eksaminering

Mange av dei 6 000 som har farledsbevis i Norge har fått det utan noko form for eksaminering.

Tyske containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

GRUNNSTØYTTE: Tyske containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fredag gjekk det tyske containerskipet «Celina» på grunn ved Gangsøy utanfor Måløy. Med farledsbevis kunne skipet førast utan los. Dokumentet blir ferda ut på grunnlag av ein søknad.

Jan Magne Fosse

KRITISK: Jan Magne Fosse.

Foto: Iver Bostad / NRK

Formann i Norsk Losforbund, Jan Magne Fosse, meiner reglane må stramast inn.

– Statistikken viser at det er tre til fem gonger fleire grunnstøytingar med farty som går på farledsbevis, kontra dei som har los om bord, Fosse.

Ingen eksamen

Formannen meiner skip som «Celina» bør ha los om bord. Ved Gangsøy er mannskap i ferd med å førebu ei eventuell oljekatastrofe etter at det kring 123 meter lange skipet gjekk på grunn.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Flaks hindra katastrofe

SJÅ TV-SAKA: Flaks hindra katastrofe i Vågsøy.

Reglane i dag seier at skip lengre enn 70 meter har losplikt, men er dei kortare enn 150 meter slepp dei dette om dei har såkalla farledsbevis.

– Det er det same som å gje eit førarkort til nokon fordi dei har site på med bil gjennom byen. Dei aller fleste som har fått farledsbevis på kysten i dag, har fått det utan å gjennomføre noko form for eksamen, seier Fosse.

– Fungerer bra

Ordninga med farledsbevis vart stramma inn 1. januar i fjor. Nye søkjarar må igjennom ein praktisk og teoretisk test. Dei som skal fornye bevisa, må vise til at dei faktisk har vore der.

Difor meiner losinspektør Hans Morten Midtsand i Kystverket at ordninga no fungerer bra.

– Dersom dei ikkje kan bevise at dei har vore i området i løpet av det siste året, så får dei heller ikkje farledsbevis utan vidare. Då må dei ta ei ny prøve, seier han.

Skal fornyast

Alle eldre farledsbevis må vere fornya innan tre år. Difor meiner Kystverket det er snakk om ein overgangsfase.

– Vi har ein jamn og fin utvikling både på dei som tek prøva og at ordninga fungerer på den måten at vi også har kandidatar som stryk, seier Midtsand utan at losforbundet blir noko tryggare av det.

– Dei signala vi får er at det framleis er mange som får farledsbevis utan å gå opp til eksamen. Det meiner vi er veldig beklageleg. Vi ynskjer ein god farledsbevis, der farledsbevis blir eit kompetansebevis, seier Fosse.

Sikrare båtar

Kystverket ser at det er ei utfordring at skip som «Celina», som er under 150 meter lange, ikkje har losplikt sjølv om dei går på den frykta tungoljen. Båtar blir stadig sikrare og det det er høvesvis få i denne storleiken med tungolje om bord.

Difor er det ikkje er krav om losplikt for skip som «Celina».

– Etter kvart blir regelverket strengare og strengare for korleis du skal byggje båtane, seier Midtsand.

– For rask konklusjon

I Vågsøy har Kystverket gått i gjennom farledsbeviset til kapteinen på Celina og seier alt skal vere i orden. Politiet har også gjort avhøyr av kapteinen.

Fiskar, og tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Nils Myklebust, meiner mangelen på los ikkje treng vere årsak til grunnstøytinga.

– Båtar har gått på land her med los om bord også, så at det ikkje hadde skjedd om det var los om bord er ein altfor rask konklusjon å trekkje. Det har hendt før, og kjem framleis til å skje. Det må ein ta høgde for, seier han.

– Berre flaks

Tyske containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

STANDBY: Kystvakta og Kystverket ligg standby ved «Celina».

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Både Kystverket og Kystvakta ligg i dag standby ved havaristen sør for Måløy.

Fartysjef Nils Samland på Kystvaktskipet KV «Tor» meiner det var berre flaks at det tilfeldigvis låg slepebåtar i beredskap.

– Det var veldig heldig at slepeberedskapen sine farty låg her og var på plass allereie etter 20 minuttar, seier han.